Moden lærer overvåker elevene mens de skriver eksamen i et klasserom på ungdomsskolen. Gutter og jenter skriver på eksamensark under lærertilsyn.

Effektiv respons og vurdering i norskfaget

Vidareutdanning på bachelornivå

Å gje god respons og rettferdig vurdering tek ofte tid, men må det vere slik? Denne vidareutdanninga gir deg konkrete metodar for å gi treffsikker, motiverande og effektiv tilbakemelding i norskfaget, utan at arbeidsmengda tek over kvardagen.

Nettstudium

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Fullført lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). 

    Alle må ha tilgang til ein skuleklasseSøkarar utan fast undervisningsstilling må dokumentere tilgang til ein klasse for å kunne utføre obligatoriske læringsaktivitetar i løpet av studiet. 

    Prioritering av søkjarar 

    Søkjarar med innvilga frikjøp til vidareutdanning frå arbeidsgjevar blir prioriterte i opptaket. Dersom det er fleire kvalifiserte søkarar enn tilgjengelege studieplassar, blir søkarane rangerte etter karakterar frå opptaksgrunnlaget. 

    Dokumentasjon på innvilga frikjøp og/eller stadfesting på tilgang til skuleklasse skal dokumenterast med følgjande skjema: Skjema for frikjøp og eller tilgang til ein skuleklasse eller barnehage nn.pdf

    Søknadsfrist er 15. april, og dette er òg fristen for å laste opp all dokumentasjon.

    Frå 2026 er det endringar i stipend- og vikarordninga. Frikjøpsmidlane blir utbetalte til kommunar, fylkeskommunar og private skular.
    Les meir om Endringer i ordningene for kompetanseutvikling fra 2026 | udir.no

    Korleis søke:

    • Logg inn i Søknadsweb.
    • Vel opptak "Lærar, barnehagelærar og tolking".
    • Vel så "Vidareutdanning pedagogiske fag/lærarutdanning haust 2026".
    • Vel studiet du vil søke på frå lista (sjå studienummer under).
    • Trykk på "Legg til" og "Send inn søknad".
    • Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskravet.
    • Trykk "Neste" for å gjere ferdig søknaden. 

    Viktig informasjon om søknad, frister og dokumentasjon

     

    Om ledige studieplassar
    Viss det blir ledige studieplassar, må opptakskrav og stadfesting på tilgang til skuleklasse dokumenterast når du søker. 

    Studiekode i Søknadsweb

    8712

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor studere respons og vurdering i norskfaget?

    Respons og vurdering påverkar både elevane si læring og opplevinga deira av meistring i skulen. Samstundes stiller dagens skule høge krav til vurderingar som er fagleg funderte, rettferdige og gjennomførbare i ein travel kvardag.

    Dette emnet tek utgangspunkt i behovet for berekraftige vurderingsformer, som styrker kvaliteten i norskfaget for elevane, læraren og skulen som heilskap.

    Kva lærer du?

    Du får inngåande kunnskap om vurdering for læring og funksjonell respons på skriftlege og munnlege elevarbeid. Arbeidet omfattar både innhald, struktur og språkleg framstilling. Emnet gir deg eit breitt repertoar av vurderingsformer tilpassa barnetrinnet, ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring.

    Du får òg innsikt i korleis kunstig intelligens kan brukast fornuftig og etisk i vurderingsarbeidet. Studiet er heildigitalt. Det gir stor fleksibilitet i ein travel kvardag.

    Les meir i emneplanen om kva du lærer og eksamen (ERV801).

    Målgruppe

    Norsklærarar som underviser i grunnskulen og vidaregåande skule.

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform

     Dette er eit heil­digitalt studium utan fysiske samlingar som består av:

    • Asynkrone økter: undervisning du kan sjå når det passar for deg
    • Synkrone økter: obligatorisk digitalt oppmøte til fastsett tid

    Du finn datoar og tidspunkt for dei synkrone samlingane under Samlingsdatoar.

    Dei asynkrone øktene vil vera undervisning i emnet sine sentrale tema. Dei er sette saman i tematiske modular som studentane må gjennomføra.

    Dei synkrone øktene vil innehalda gruppearbeid, plenumsdiskusjonar og anna studentaktivt arbeid.

    Samlingsdatoar

    Emnet er heildigitalt, og har både ansynkrone og synkrone økter.

    Det er fem synkronøkter à 2 timar.

     Tidspunkta for desse er:

    • Torsdag 27. august kl. 14-16
    • Torsdag 24. september kl. 14-16
    • Torsdag 29. oktober kl. 14-16
    • Torsdag 26. november kl. 14-16
    • Torsdag 10. desember kl. 14-16

    Pensum

    Kjem ved semesterstart.

    Kvifor ta meir utdanning?

    Eit arbeidsliv i rask endring er ei viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

    • ny oppdatert fagleg kunnskap
    • praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
    • personleg utvikling
    • moglegheit for å byggje nettverk
    • eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
    • moglegheit for opprykk i stillingskategori
    • moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

     

    Andre interessante studietilbod

    Vi har tilbod til deg som er lærar i offentlege og private skular – både i grunnskulen, vidaregåande opplæring og for deg som underviser vaksne i grunnopplæringa.

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs