ØKB2006 Skatte- og avgiftsrett 1

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet skal gi studenten kunnskap om skattesystemet, herunder berekning av skatt for personlege skattytarar. Emnet omfatter i hovedsak:

Skatteplikta til Noreg: Full skatteplikt og avgrensa skatteplikt.

Skattestaden: Bustadskattlegging og stadbunden skattlegging.

Periodisering: Realisasjonsprinsippet og kontantprinsippet.

Skattepliktige inntekter: Arbeidsinntekt, kapitalinntekt og kapitalvinning.

Utgifter som gir frådrag: Frådrag knyta til arbeidsinntekt og pensjon, andre utgifter som gir frådrag.

Riktig skatteobjekt: Skattlegging av ektefellar, samboarar og barn.

Skattepliktig formue: Skattbar formue ved kommune- og statsskattefastsettinga.

Overordna prinsipp for skattlegging av næringsverksemd.

Grunnprinsipp i norsk meirverdiavgiftslovgiving.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten:

  • Har kjennskap til hovudreglane for skattlegging av inntekt og formue for personar.
  • Kjenner til hovudprinsippa for fastsetting av inngangsverdien for eigendelar mottatt som gåve eller arv.
  • Har kunnskap om skatteplanlegging.
  • Har kunnskap om grunnleggande likningsforvaltningsrett, skattebetaling og sentrale reglar for tilsidesetting.
  • Har kunnskap om overordna prinsipp for skattlegging av næringsverksemd.
  • Har kunnskap om grunnprinsipp i norsk meirverdiavgiftslovgiving.

Ferdigheiter

Studenten:

  • Kan rekna ut alminnelig inntekt, personinntekt og skattbar formue med utgangspunkt i skatteloven, forskrifter, statsskattevedtak og takseringsreglar.
  • Kan rekna ut nettoskatt, trygdeavgift, trinnskatt og formueskatt med utgangspunkt i forskrifter, statsskattevedtak og takseringsreglar.
  • Er i stand til å vurdere skattemessige konsekvensar av alternative skattedisposisjonar.
  • Kan gjøre etiske refleksjonar rundt skatteplanlegging. 
  • Kan rekna ut utgåande og inngåande meirverdiavgift, samt gjennomføre enkle avgiftsoppgjer.

Generell kompetanse

Studenten:   

  • Kan tilegne seg oppdatert kunnskap innanfor kunnskaps- og ferdigheitsrområda som er nemnt ovanfor.
  • Kan formidla sentralt fagstoff gjennom relevante uttrykksformer og kan utveksle synspunkt  med andre fagpersonar.
  • Kan sjå emnet i ein større samanheng i eit samfunnsmessig perspektiv.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, oppgåveløysing i plenum samt rettleiing i tilknyting til større oppgåver

Arbeidskrav

Ingen

Vurderingsform

Individuell heimeeksamen,10 dagar, 30%

Skriftleg skuleeksamen, 4 timer, 70%

Ein må bestå begge delane

Karakterskala A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Del 1 Heimeeksamen (individuell): Alle trykte og skrivne hjelpemidlar er tillate

Del 2 skriftlig skuleeksamen: Alle kalkulatormodellar tillate, Skattelovsamling med forskrifterhttps://www.hvl.no/student/eksamen/hjelpemiddel-ved-eksamen/

https://www.hvl.no/student/eksamen/hjelpemiddel-ved-eksamen/

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • JU6-1001 (1) - Skatte- og avgiftsrett 1 - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØBR111 (1) - Skatte- og avgiftsrett I - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • SA025 (5) - Skatterett I - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • ØKB032 (1) - Skatterett I - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • ØKB2032 (1) - Skatterett I - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • SA025 (1) - Skatterett I - Reduksjon: 6 studiepoeng