Å-KH230 Kunst og Håndverk 2

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhold og oppbygning

Kunst og handverk 2 bygger på Kunst og handverk 1 og Kunst og handverk 2 emne 1. Emnet skal bidra til vidareutvikling av kunnskap og ferdigheiter og gi vidare innsikt i faget sin visuelle og materielle kulturforankring. Studenten skal i løpet av studiet vidareutvikle eigne praktiske ferdigheiter og få erfaring med og kunnskap om ulike materiale sine ibuande kvalitetar og teknikkar, som gir læringsutbytte i tråd med læreplanen for grunnskulen. Skapande arbeidsprosesser på verksteden vert knytt til miljøbevisst bruk av material og produksjonsmetodar. Studiet vektlegg utvikling av evne til å oppfatte og forstå andre sin bodskap og sjølv kunne kommunisere i visuelle og fysiske ytringsformer. Forholdet mellom læreplan og profesjonspraksis vert problematisert. Fagdidaktisk refleksjon er ein integrert del av oppgåver, praktisk undervisning, rettleiing og vurdering. Samanhengar mellom barn sin leik og læring vert løfta fram. Utforskande læringsmåtar skal saman med innføring i vitskapsteori og metode bidra til utvikling av studenten sin sjølvstendigheit, analytiske evner og kritiske refleksjon.

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten

  • har kunnskap om barn og unge sine uttrykk, deira skapande evne og formspråk, samt korleis dette bidreg til å danne deira identitet og livsverden
  • har kunnskap om relevante analoge og digitale verktøy, ulike material, teknikkar og estetiske virkemiddel som egner seg i begynnaropplæringa og vidare opplæring
  • har kunnskap om hovudretningar innanfor handverk, design, arkitektur og kunst i ulike kulturar til ulike tider
  • har kunnskap om korleis lys, rom og farge påverkar læring og samt korleis ein kan organisere skolen sitt ute- og innerom hensiktsmessig
  • har teoretisk og erfaringsbasert kunnskap om idéutvikling, relevante forskingsmetodar, vurderings- og presentasjonsformer og om korleis eigne skapande prosesser kan være utgangspunkt for refleksjon og utviklingsarbeid.

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan utnytte materiala sine eigenskapar og kvaliteter, vise innsikt i eigne skapande prosesser og bruke desse kunnskapane i lærings- og utviklingsarbeid
  • kan formidle, analysere og vurdere design, arkitektur og kunst for hensiktsmessig bruk i opplæringa
  • kan bruke, forklare og demonstrere korleis grunnleggande ferdigheiter kan definerast innanfor faget sin eigenart
  • kan anvende digitale og analoge verktøy i visuell kommunikasjon og som reiskap i arbeid med flater, layout og ulike skrifttypar
  • kan bruke fagspråk sikkert og funksjonelt og holde seg oppdatert på relevant faglitteratur og forsking

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan legge til rette for eit formidlingsarbeid og stimulere til praktisk og estetisk arbeid med andre, i tråd med globale og lokale utfordringar
  • er orientert innanfor fagrelevant forsking og gjeldande læreplaner for grunnskulen, og kan nytte dette som utgangspunkt for fagleg utviklingsarbeid med forskingsmessig og etisk tilnærming
  • viser endringsvilje, engasjement og sjølvutvikling i eit fagleg fellesskap

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Bygger på Kunst og håndverk 1

Undervisnings- og læringsformer

  • Førelesingar
  • Workshop
  • Seminar
  • Fagdagar
  • Prosjektarbeid (ein-faglege og fleir-faglege)
  • Sjølvstendig, kunstfagleg og didaktisk FOU-arbeid
  • Praktisk arbeid, individuelt og i grupper
  • Munnlege og skriftlege oppgåver
  • Ekskursjonar/ studietur

Arbeidskrav

3 obligatoriske arbeidskrav;

  • obligatorisk oppmøte (80 %)
  • formidlingsprosjekt for barn/ unge (gruppearbeid)
  • ei skriftleg oppgåve

Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen for grunnskulelærarutdanningane.

Arbeidskrava må være gjennomført til fastsette fristar og være godkjende før ein kan avlegge eksamen.

Vurderingsform

  • FOU-oppgåve. Innlevering av ei sjølvstendig forskings- og utviklingsoppgåve som vert arbeidd med gjennom heile semesteret. Omfang tilsvarande 7,5 sp (25 %)
  • Ei vurderingsmappe som inneheld både skriftlege oppgåver og praktisk arbeid med tilhøyrande refleksjonstekstar. Omfang tilsvarande 22,5 sp (75 %)

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemidler ved eksamen

- Alle

Mer om hjelpemidler

Faglig overlapping

  • LU2-KH415 (1) - Kunst og Håndverk 2b, 5-10. - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • LU2-KH315 (1) - Kunst og Håndverk 2a, 5-10. - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • LU2-KHÅ315 (1) - Kunst og Håndverk 2b 5-10 - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • LU2-KHÅ215 (1) - Kunst og Håndverk 2 5-10 - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • LU2-KHÅ230 (1) - Kunst og Håndverk 2 5-10 - Reduksjon: 30 studiepoeng
  • LU1-KHÅ230 (1) - Kunst og Håndverk 2 1-7 - Reduksjon: 30 studiepoeng