ØKB2121 International marketing

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Internasjonal marknadsføring fordrar samhandling mellom bedrifter og menneske frå ulike land og kulturar. Hovedtema er kulturen si rolle i ein global kontekst, vurdering (analyse av) av internasjonale businessmuligheiter, inngangsstrategiar til utanlandske marknader, internasjonal marknadsføringskommunikasjon, beslutningar i internasjonale distribusjonskanalar, og internasjonal produktutvikling og prissetjing.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om eksterne faktorar, for eksempel kulturelle, etiske, politiske, og økonomiske faktorar, som påverker arbeidet med internasjonal marknadsføring.
  • kan gjere greie for omgrep og teoriar i marknadsval og inngangsstrategiar.
  • kan gjere greie for omgreper og teoriar i produktstrategi, påverknadsstrategi, prissetjing, logistikk- og distribusjon i internasjonale marknader.
  • har kunnskap om kjelder til sekundærdata om internasjonale marknader.
  • har kunnskap om terminologibruken innan fagfeltet internasjonal marknadsføring.

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan analysere forrentingscase ut frå kunnskap og teoriar i internasjonal marknadsføring.
  • kan kritisk analysere ein bedrift sine internasjonale marknadsføringsaktivitetar.
  • kan utvikle inngangstrategiar og strategiar for produkt, prissettjng, påverknad og marknadskanalar i internasjonale marknader. 

Kompetanse

Studenten:

  • har tileigna seg eit kritisk og reflekterande forhold til teoriar og modellar for å forstå utfordringar og dilemma i internasjonal marknadsføring.
  • har tileigna seg ein fagleg kompetanse til å delta aktivt i diskusjonar om internasjonale marknadsforhold.

Krav til forkunnskapar

ØKB1105 Markedsføring eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

Markedsføring grunnleggande  kurs

Undervisnings- og læringsformer

Forelesning og gruppearbeid

Arbeidskrav

1) Deltagelse i 60% av forelesninger

2) Presentasjon av en case-analysis i gruppe

Vurderingsform

Mappe, 50%

Skriftlig eksamen, 50%, 3 timer

Karakterskala A-F

Begge eksamensdeler må være bestått. Varighet på mappe spesifiseres i semsesterplan ved semesterstart.

Hjelpemiddel ved eksamen

Del I Internasjonal markedsføring, mappe; Alle trykte og skrivne hjelpemidlar tillete

Del II Internasjonal markedsføring, skriftleg eksamen; Pensumbok, tospråkelig ordbok

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ØKB3127 (1) - Internasjonal strategi og markedsføring - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • ØKB2019 (1) - Internasjonal markedsføring - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • ØKB2111 (1) - Internasjonal markedsføring - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • ØKB2118 (1) - International marketing - Reduksjon: 10 studiepoeng