Hopp til innhald

MGBSA550 Samfunnsfag 3, emne 4 - Masteroppgåve

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

I dette emnet skal studentane skrive ei masteroppgåve tilsvarande 45 studiepoeng. Masteroppgåva skal vere eit sjølvstendig, forskningsbasert skriftleg arbeid, der studenten formulerer og svarar på ei sjølvvalt problemstilling. Val av tema og tilnærming for oppgåva skal skje i samråd med rettleiar.

Arbeidet med masteroppgåva inneber også deltaking i tekstseminar, individuell rettleiing og sjølvstendig arbeid med litteratur og empiri.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgende totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har spesialiserte kunnskapar om eit avgrensa fagområde
  • har inngåande kjennskap til spesialiseringa sin relevans og plassering i eit større kunnskapsområde
  • har avanserte kunnskapar om krav til samfunnsvitskaplege framstillingar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan utforme eit forskingsprosjekt, samle inn og analysere data.
  • kan handtere forskingsetiske utfordringar relevant for sitt forskingsprosjekt
  • kan resonnere sjølvstendig og utarbeide ein stringent argumentasjon, munnleg og skriftleg
  • kan formidle eige forskingsarbeid munnleg og skriftleg i tråd med ålmenne vitskaplege krav

Generell kompetanse

Studenten

  • har eit sjølvstendig og reflektert forhold til teori og metode innanfor samfunnsvitskap, tileigna gjennom eigen forskingspraksis
  • har ei sjølvstendig haldning til faglege framstillingar og empirisk materiale
  • kan nytte teori, metodar og teknikkar tilhøyrande faget på ein sjølvstendig måte i handsaminga av vitskaplege problemstillingar

Krav til forkunnskapar

Før ein byrjar på emnet MGUSA550 må studenten ha bestått FoU-oppgåva.

Tilrådde forkunnskapar

MGBSA503 Samfunnsfag 3, emne 3 - Forskingsmetodar og kjeldekritikk

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidet med masteroppgåva føreset ei hovudvekt av sjølvstudium og sjølvstendig arbeid med individuell rettleiing. I tillegg blir det organisert tekstseminar, der studentane legg fram delar av oppgåva si til diskusjon. I tekstseminara får studentane innspel frå ei større gruppe medstudentar og fagpersonar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane skal legge fram delar av arbeidet med masteroppgåva på tekstseminar minimum to gonger i løpet av emnet. Eit av desse framlegga skal innehalde ein digital komponent. Utfyllande retningsliner vil bli gitt ved oppstart.

Vurderingsform

Masteroppgåve.

Sjå retningsliner for masteroppgåver ved FLKI.

Karakterskala A-F, der F er ikkje bestått.

Dersom masteroppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i løpet av dei to påfølgjande semestra. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny masteroppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt. For meir informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no).

Meir om hjelpemiddel