ING2054 Statikk og fastleikslære
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Kraftpåvirkning av konstruksjonar, enklare og meir komplekse, med vekt på 2-dimensjonale. Resulterande skjerkrefter og bøyemoment. Statisk ubestemde konstruksjonar. Alle vesentlege element innan fastleikslæra som spenning og deformasjon. Vidare dimensjoneringskriterie, elastiske materialar, torsjon, spenningar i og deformasjon av bjelkar, elementærbjelkemetoden, trykkbelasta stavar og knekking.
Læringsutbytte
- Kunnskap:
- Studenten har grunnleggjande kunnskap om prinsippa i statikk og fastleikslære
- Studenten har grunnleggjande kunnskap om korleis kraftpåkjenningar medfører spenningar og deformasjonar i dei vanlegaste konstruksjonselementa.
- Studenten har kunnskap om korleis spenningar og deformasjonar blir kontrollert mot materialstyrke og funksjonalitet i ein dimensjoneringsprosess.
- Ferdigheiter
- Studenten kan nytta kunnskap i matematikk og fysikk til å formulera, spesifisera og løysa statikk og fastleikslæreproblem på ein velbegrunna og systematisk måte.
- Studenten kan rekna ut ytre lagerreaksjonar i statisk bestemte, samt enkle statisk ubestemte konstruksjonar. Han/hun kan rekna ut indre belastningar i form av normalkraft, skjærkraft og bøyemoment, og kandidaten kan vidare teikna, forstå og lese diagramma for normalkraft, skjærkraft og bøyemoment.
- Studenten kan rekna ut spenningsfordeling og deformasjon i fagverk, bjelkar, akslingar, rammer og andre samansette konstruksjonar. Studenten kan vidare rekna ut Euler knekklast i søyler med ulik opplagring.
- Studenten kan vurdera løysingar og resultat på ein kritisk måte.
- Studenten kan videreformidla sentrale teoriar og løysingsmetodar i faget.
- Generell kompetanse
- Studenten har innsikt i og forståing av metodar brukt til styrkeberekning av konstruksjonselement og til val av material.
- Studenten har innsikt i kva faget grunnleggjande har å seia for konstruksjon- og byggfag.
- Studenten har lært å samarbeida i praktiske prosjekt.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Fysikk
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, rekne- og laboratorieøvingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ja (vert spesifisert i undervisningsplanen ved semesterstart).
Vurderingsform
Del 1: Skriftleg eksamen 4 timar, tel 40% på endeleg karakter.
Del 2: Skriftleg eksamen 5 timar, tel 60% på endeleg karakter
Gradert karakter A - E / F (stryk).
Del 1vert gjennomført midt i semesteret. Del 2 vert gjennomført som ein slutteksamen., Begge eksamenane må vere greidd for å få karakter i emnet.
Hjelpemiddel ved eksamen
Høgskolens kalkulator (Casio fx-82Es) og Teknisk formelsamling (Pedersen, Gustavsen, Kaasa og Olsen) blir utdelt under eksamen.
Meir om hjelpemiddel