NAB3032 Dynamisk Posisjonering (DP-Induction)
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Koordinatsystem og datum, nøyaktigheitsteori og kvalitetsomgrep, satelittbaserte posisjonssystem, kortdistanse posisjonssystem, akustiske posisjonssystem, mekaniske posisjonssystem, kompass, rørslesensorar og automatiske styresystem med hovudvekt på DP.
Det vil vere ein eigenandel på emnet. Nærare informasjon vil bli gitt.
Læringsutbytte
- Kunnskapar:
Studentane skal kunna det teoretiske og praktiske grunnlaget for DP-posisjonering og skjøna relevant kvalitetsteori, nøyaktigheits- og feilteori. Dei skal kunna setja opp og betena ein DP-pult med relevante posisjonsreferansar. Studentane skal forstå korleis DP-systemet er integrert i andre system på skipet.
- Ferdigheitar:
Studentane skal trena opp ferdigheitar i å betena DP-pulten. Dei skal vera i stand til å reagera korrekt på ulike alarmar og åtvaringar, og relatera DP operasjonen til miljøpåverknader frå straum, sjø og vind.
- Generell kompetanse:
Kurset dekkjer Nautical Institute sine retningsliner for DP-Induction kurs gjeldande frå 1. januar 2015.
Krav til forkunnskapar
NAB1002 Terrestrisk Navigasjon, NAB1015 Navigasjonsinstrumenter I, NAB1016 Navigasjonsinstrumenter II. Ope for studentar på 3. studieår, med minimum 100 sp innanfor studieprogrammet.
Tilrådde forkunnskapar
NAB1001 Fysikk, NAB1004 Praktisk navigasjon I, NAB2004 Praktisk navigasjon II
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar og øvingar på simulator.
Obligatorisk læringsaktivitet
Obligatorisk oppmøte på førelesingar og øvingar. Godkjent gjennomførte simulatorøvingar. Kursbevis vert skrive ut av Simsea. For å oppnå kursbevis krevjer Nautical Institute en elektronisk eksamen.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 4 timar
Gradert karakter A-F
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel tillatne
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- NAB046 - Dynamisk posisjonering - Reduksjon: 5 studiepoeng