Hopp til innhald

RE6-1000 Reiselivskunnskap

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Emnet er todelt. I første del av emnet skal studentane læra grunnleggande teori og omgrep innanfor reiselivet. Dei skal få ei forståing for reiselivsnæringa, læra om det heilskapelege reiselivsproduktet, ulike reisemønster og formål med reisa. I del to av emnet skal studentane introduserast for aktuell forsking innanfor reiselivsfeltet. Gjennom denne delen av emnet skal studentane få kjennskap til aktuell forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet reiseliv. Tema for desse kortare bolkane vil variere noko frå år til år.

Gjennom innlevering av ekskursjonsrapport og mappeevaluering av to tekstar skal studentane tileigne seg kunnskap om korleis dei skal finne, vurdere og nytte fagstoff inn mot gitte problemstillingar.

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten:

  • Kunnskap om reiselivet si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet.
  • Kunnskap om utviklingstrekk og trendar i reiselivet
  • Kunnskap om det heilskapelege reiselivsproduktet, ulike formål med reisa og ulike reisemønster
  • Kjennskap til aktuelt forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet naturbasert reiseliv. Aktuelle fagområde (desse vil variere noko frå år til år):
  • Kunnskap om utviklingstrekk og trendar i reiselivet
  • Kunnskap om det heilskapelege reiselivsproduktet, ulike formål med reisa og ulike reisemønster
  • Opplevingsøkonomien og reiselivet sin plass i denne
  • Makroøkonomi og korleis reiselivet blir påverka av ulike makroøkonomiske forhold
  • Innovasjon i reiselivsnæringa

Etter fullført emne kan studenten:

  • Nytte sentrale omgrep og definisjonar innan reiselivsteori
  • Nytte fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid på teoretiske problemstillingar

Krav til forkunnskapar

Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplanen.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppearbeid, sjølvstudium, seminar og gjesteførelesingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

66% oppmøte på seminar.

Deltaking på ekskursjon og innlevering av ekskursjonsrapport i grupper.

Vurderingsform

Individuell skriftleg skuleeksamen 2 timar. Tel 50%.

Individuell mappe med 2 arbeid frå seminar. Tel 50 %

Bokstavkarakter.

Dersom kandidaten stryk på eksamen må denne takast opp att for å kunne bestå emnet.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • RE6-104 - Reiselivskunnskap - Reduksjon: 5,5 studiepoeng