Hopp til innhald

MGBNO201 Norsk 1, emne 2 - Mellomsteget

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Emnet utgjer dei andre 15 sp av obligatorisk Norsk 1 på til saman 30 sp. Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisstad for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.

Norsk på mellomsteget gir eit grunnlag for norskundervisning på trinn 5-7. Sentralt står språklege og litterære emne, fagdidaktiske spørsmål og arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, særleg munnleg kommunikasjon og den andre lese- og skriveopplæringa for elevar med norsk som første- og andrespråk. Emnet legg også vekt på at studentane skal utvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:

Studenten

  • har kunnskap om språket som system og språket i bruk
  • har brei kunnskap om lese- og skriveopplæring på mellomtrinnet
  • har utvida kunnskap om lese- og skrivevanskar
  • har kunnskap om språkleg identitet, norsk som andrespråk og fleirspråkleg praksis, og kjennskap til nokre av minoritetsspråka i Noreg
  • har kunnskap om tekstar for barn og unge med vekt på kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, på nynorsk, bokmål og i omsetjing, i ulike sjangrar og medium
  • har kunnskap om dokumentasjon, kartleggingsprøver, nasjonale prøver og læringsressurser for trinn 5-7

Studenten

  • kan bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid og gjere greie for fagdidaktiske val som skal fremje dei grunnleggjande ferdigheitene for alle elevar på mellomtrinnet
  • kan bruke varierte arbeidsmåtar i den vidare lese- og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
  • kan bruke kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekstar for barn og unge i arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar i ulike medium
  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere samtaler i klasserommet
  • kan kjenne att teikn på lese-, skrive- og språkvanskar
  • kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar
  • kan vurdere ulike norskfaglege læringsressursar
  • meistrar begge målformer skriftleg og kan undervise elevar i desse.

Studenten

  • kan legge til rette for at elevane blir tekstkyndige og kritiske språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
  • har blikk for mangfaldet i elevgruppa og kan gjere greie for tilpassa fagdidaktiske val
  • kan vurdere eigen praksis ut frå gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studentane skal vere både mottakarar, aktive deltakarar, samtalepartnarar, rettleiarar for medstudentar og observatørar i klasserommet. Det er derfor lagt opp til varierte arbeidsformer som bidreg til å realisere ei lærande, aktiv og nærverande studentrolle. Arbeidsformene vil vere forelesingar, rettleiingar, studentframlegg, utveksling av røynsler og arbeid i større og mindre grupper. Studentane skal også bidra på nett med obligatoriske arbeidskrav, samtalar og diskusjonsinnlegg, samt vidareutvikle evna til å lese og skrive akademiske tekstar. Klasseundervisninga er obligatorisk. Fråvær utover 20% fører til at studenten ikkje får gå opp til eksamen.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane har fire arbeidskrav i emnet. Studenten må syne skriftleg kompetanse i begge målformene, og munnleg kompetanse.

Minst eitt av arbeidskrava skal handle om den andre lese- og skriveopplæringa. Oppgåvetekst og formelle krav vert delt ut ved semesterstart.

Eitt av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet kan knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen.

Metode: Eitt arbeidskrav skal knytast til forskingsmetode, anten invervju eller tekst- og dokumentanalyse. Arbeidskravet skal gje studenten forståing for og/eller trening i den valde forskingsmetoden. Dette arbeidskravet går inn i ei FOU-mappe. Retningslinjer for arbeidet vil liggje føre ved semesterstart.

Eitt arbeidskrav er minst 80 % oppmøte til klasseromsundervisninga.

Vurderingsform

Individuell skriftleg skuleeksamen, 6 timar.

Målform: Bokmål. Både fagleg innhald og språkleg utforming vert vurdert.

Tid og stad for eksamen vert annonsert på Studentweb.

Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Godkjend ordbok eller ordliste.

Meir om hjelpemiddel