Hopp til innhald

MGUNO401 Norsk på ungdomssteget 2: Språkmangfald og tekstmangfald

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.

Norsk på ungdomssteget 2 er andre del av Norsk 2 for GLU 5-10. Norsk på ungdomssteget 2 kvalifiserer saman med emnet Norsk for mellomsteget 1 til norskundervisning på mellom- og ungdomssteget.

Sentralt i Norsk for ungdomssteget 2 står språkleg mangfald gjennom innsikt i talemålsvariasjon, sosiolektar og fleirspråklegheit, og tekstleg mangfald gjennom fokus på multimodale tekstar, ulike medium og retoriske strategiar. Norsk 2 gir også meir djupare innsikt i aktuelle fagdidaktiske spørsmål og eit betre grunnlag for arbeidet med læringsfremjande vurdering tilpassa norskopplæring for alle elevar. Gjennom arbeid med språk og tekstar får studentane godt høve til å vidareutvikle eigne språkferdigheiter, eigen tekstkompetanse og eiga formidlingsevne.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

  • har kunnskap om relevante språkteoretiske og språkdidaktiske omgrep og perspektiv
  • har god innsikt i talemålsvariasjonen i moderne norsk på historisk og dialektologisk grunnlag og har kjennskap til språk som ungdom brukar
  • har kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis og om det å lære norsk som eit andrespråk og har kunnskap om andre nordiske språk
  • har utvida innsikt i korleis elevar på ungdomssteget kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine
  • har kjennskap til samansette tekstar, historikken til og teoriar om desse, har kunnskapar om retorikk i munnlege og skriftlege tekstar i tradisjonelle og moderne medium
  • har kunnskap om vitskapsteoretiske problemstillingar innanfor norskdidaktisk forsking og inngåande kunnskap om det valte FOU-fordjupingsemnet

Ferdigheiter

  • kan bruke kunnskap om talemål og skriftspråksnormering i skriveopplæringa
  • kan leggje til rette og gjennomføre undervisning for elevar med norsk som andrespråk
  • kan setje i gang, rettleie og vurdere skriftleg og samansett tekstproduksjon hos elevar på ungdomssteget, kan formulere relevante kriterium for vurdering og grunngi karakterane ein set
  • kan sjølv bruke og kan rettleie elevar i bruk av kjeldemateriale
  • kan vurdere læringsressursar kritisk
  • kan analysera relevant forsking, har gode ferdigheiter i akademisk skriving og kan analysera og formidla eit samansett fagstoff på ein overtydande måte

Generell kompetanse

  • kan rettleie elevar i arbeidet med språkleg mangfald og tekstmangfald slik at dei kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
  • kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati
  • kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil veksle mellom lærarstyrt klasseromsundervisning og varierte studentaktive læringsformer. Innhaldet i undervisninga blir rekna som pensum, og dannar grunnlag for arbeid med ulike oppgåver, munnlege og skriftlege, på høgskulen og i praksis.

Obligatorisk læringsaktivitet

2 oppgåver, 1 skriftleg og 1 munnleg knytt til vitskapleg tekstproduksjon.

Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunna melde seg opp til eksamen.

Vurderingsform

  • Heimeeksamen, 3 dagar (vekting 50 %)
  • FOU-oppgåve. FOU-oppgåva er eit sjølvstendig, forskingsbasert skriftleg arbeid der studenten skal svare på ei valt problemstilling som er relevant for profesjonsutdanninga. Oppgåva kan ha pedagogikkfaglege perspektiv.(Vekting 50 %.)

Både fagleg innhald og språkleg utforming vert vurdert.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel