Hopp til innhald

NAB1020 Grunnleggjande sikkerheitskurs for sjøfolk

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Grunnleggjande sikkerheitskurs for sjøfolk. Dette kurset er obligatorisk for alle som skal arbeide om bord i skip. Emnet gir ikkje studiepoeng, men vert tilbydd studentar som skal fullføra bachelor i nautikk og seinare løysa sertifikat som dekksoffiser.

 

Praktisk informasjon:

Emnet blir gitt av ekstern kurstilbydar.

Kvar einskild student får berre moglegheit til å ta emnet ein gong. Dersom ein har meldt seg opp, men ikkje fullfører utan gyldig grunn, vil ikkje høgskulen betale for emnet fleire gonger.

Læringsutbytte

  - Kunnskapar:

Studentane skal kunna gjera greie for korleis ein overlever på sjøen dersom naudssituasjonar har ført til at ein må forlate skipet, grunnleggjande førstehjelp og omsorg for menneske og miljø.

- Ferdigheitar:

Studentane skal kunna gjennomføra førebyggande tiltak som minimaliserar risikoen for at brann oppstår, og har innsikt i korleis beredskapen vert organisert for å handtera brann. Dei skal kunna handla hensiktsmessig ved ulukker eller medisinske naudssituasjonar.

- Generell kompetanse:

Kurset dekkjer krava i STCW tabell A-VI/1-1, A-VI/1-2, A-VI/1-3 og A-VI/1-4.

Krav til forkunnskapar

Studenten må ha produsert min. 10 sp i studieprogrammet for å kvalifisere til oppmelding i emnet.

Tilrådde forkunnskapar

-

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar og praktiske øvingar

Obligatorisk læringsaktivitet

100% frammøte på heile kurset (50 timar totalt).

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 1 time

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen.

Meir om hjelpemiddel