Hopp til innhald

BØ6-1012 Innføring i bedriftsøkonomi og rekneskap for reiselivet

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Kurset vil mellom anna innehalde:

  • Kostnadsteori
  • Forhold som påverkar etterspurnaden
  • Bedrifta si marknadstilpassing
  • Produktkalkylar
  • Finansrekneskap
  • Litt om driftsrekneskap
  • Enkel budsjettering

Læringsutbytte

Kunnskapar

  • Forstå ulike typar kostnader som for eksempel faste kostnader, variable kostnader, irreversible kostnader og alternativkostnader
  • Forstå bedrifta si tilpassing under ulike marknadsforhold
  • Forstå kva ein kalkyle er og korleis kalkylar blir utarbeida i ulike typar bedrifter
  • Forstå kva ulike typar budsjett er og korleis budsjetta blir brukte i den økonomiske styringa
  • Forstå kva ein finansrekneskap er og forstå samanhengen mellom resultat og balanse
  • Forstå enkle nøkkeltal
  • Forstå kva ein driftsrekneskap er og skilnaden på ein driftsrekneskap og ein finansrekneskap

 

 

Dugleikar

  • Kunne setje opp kostnadsfunksjonar
  • Kunne rekne ut kor lønnsame ulike produkt er
  • Kunne utarbeide enkle kalkylar
  • Kunne forklare samanhengen mellom ein resultatrekneskap og balansen
  • Kunne kalkulere enkle nøkkeltal
  • Kunne lage ein enkel driftsrekneskap
  • Kunne utarbeide enkle budsjett

 

Generell kompetanse:

  • Kunne styre økonomien i mindre bedrifter

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og øvingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ei innlevering.

Vurderingsform

1 veke heimeeksamen

Bokstavkarakter

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel tillatne.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BØA113 - Innføring i bedriftsøkonomi og rekneskap - Reduksjon: 4 studiepoeng
  • BØ6-1010 - Innføring i bedriftsøkonomi og rekneskap - Reduksjon: 4 studiepoeng