Hopp til innhald

JU5-103 Kontraktsrett

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Kontraktsretten er læra om når og i kva omfang ein kan binde seg sjølv ved avtale til å til dømes betale pengar, levere ei vare eller yte ei teneste. Høve til å binde seg ved avtale følgjer av at vi har privat autonomi. Reglane om privat autonomi er ikkje lovfesta, men å binde seg ved avtale kvilar på og er ein konsekvens av den private autonomien. Normalt binder ein seg ved avtale ved at ein stiller vilkår, som til dømes levering av varer mot pengar. Men det er og høve til å binde seg utan vilkår ved til dømes gåveløfte slik ein gjer det når ein gjev pengar til humanitære føremål. Det sentrale i kontraktsretten er difor å slå fast når ein har tilplikta seg rettsleg (inngått ein avtale) og viss ein har det, så kva innhald og verknader avtalen skal ha.

Læringsutbytte

Kunnskaper:

  • Grundig kunnskap om og forståelse for regler, sammenhenger og begreper innenfor emnene kontraktsrettslig binding, tolking, ugyldighet, lemping og representasjon.
  • Kunnskap om hovedtrekk i den internasjonale utviklingen som kan få betydning for norsk rett innenfor disse emnene.

Ferdigheter:

  • Finne frem til, systematisere og formulere kontraktsrettslige spørsmål og argumenter innenfor emnene kontraktsrettslig binding, tolking, ugyldighet, lemping og representasjon.
  • Anvende sin faglige kunnskap til å foreta en selvstendig analyse av, og resonnere seg frem til et faglig forsvarlig standpunkt på, kontraktsrettslige spørsmål innenfor de nevnte emnene.
  • Anvende en faglig metode som omfatter bruk av lovfestete og ulovfestete kontraktsrettslige kilder, herunder relevante internasjonale kilder.

Generell kompetanse:

  • Kan formulere, drøfte og ta stilling til rettslige spørsmål på en poengtert og presis måte, både skriftlig og muntlig.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Tilrådde kunnskapar er Ex. fac. (juridisk forprøve), Arve- og familierett og Forvaltningsrett.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminar, arbeidsgrupper

Obligatorisk læringsaktivitet

Minst 80% samla deltaking på seminar. 3 skriftlege oppgåver, individuelt arbeid. Ein skal levere skriftleg disposisjon av oppgåva til gjennomgang til kvar seminartime.

Alle arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg til eksamen. 

Eit arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semestre.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 4 timar. Bokstavkarakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Lovsamling, Nynorsk- og norsk ordliste, doms- og kjennelsessamling.

Meir om hjelpemiddel