NAB2016 Sjørett I
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
- Dei mest vanlege rettsreglane som gjeld sjøfart.
- Skipet som verdigjenstand og rettssubjekt.
- Ein introduksjon til juridisk metode med vekt på sjøfarten sine problemstillingar.
- Reglar om skips nasjonalitet, registrering og offentleg kontroll av skip, kjøp/sal og bygging av skip, pant/tilbakehaldsrett og arrest i skip, førebygging av samanstøyt, ansvarstilhøve, berging, felleshavari, arbeidstilhøve og arbeidstakaren sine rettigheiter, transport av passasjerar og reisegods, og undersøking av ulukker.
- Internasjonale konvensjonar.
- Fraktavtalar.
- Forsikringsavtalar.
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Studenten
- har kunnskap om delar av det sjørettslege lov- og regelverk.
- kjenner til regelverket si oppbygging, forvalting og nedslagsområde.
- skjønn korleis kunnskap innafor området vert fornya i takt med utvikling og bruk av regelverket.
Ferdigheitar:
Studenten
- kan nytta regleverket på aktuelle problemstillingar.
- kan gjennomføra enkle tolkingar av reglar og kan nytta rettskjeldemateriale på konkrete saker som ligg føre.
- kan gje ei enkel teoretisk framstelling av viktige reglar i lov og kontrakt.
Kompetanse:
Studenten
- har ei forståing for at rolla som skipsoffiser har ei rettsleg side.
- forstår at han eller ho som skipsførar vil ha øvste juridiske myndigheita om bord.
- forstår at ein vil vera reiarlaget sin representant på staden.
- kan sjå faktiske og rettslege tilhøve i samanheng.
- kan fatte avgjerder ikkje berre ut frå det praktiske og handgripelege, men og i lys av rettsreglar.
- forstår og kan ta del i diskusjonar over sjørettslege emne.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Det kan vera nyttig med noko kjennskap til juss frå før, alternativt kan ei enkel juridisk innføringsbok brukast parallelt med eller i forkant av kurset.
Undervisnings- og læringsformer
Studentaktiv læringsform gjennom dialog og eigenaktivitet. Problembasert læring.
Obligatorisk læringsaktivitet
Eit eller fleire krav i form av skriftleg innlevering og/ eller muntleg framføring over praktisk eller teoretisk oppgave.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen over 5 timar.
Hjelpemiddel ved eksamen
Noregs lover, andre ukommenterte og allment tilgjengelege lovsamlingar i vanleg sal, særtrykk av lover (Lovdata-utskrift er ikkje tillate.
Meir om hjelpemiddel