NAB3039 Integrert praksis
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Emnet består av følgande fasar:
Oppstart: Tilnærming til faget. Heilt i byrjinga av semesteret sjekkar vi at alle har godkjende helseattestar, sikkerheitskurs, pass etc. Informasjon om praksisperioden. Webcadet vert gjennomgått. Kontakt mellom rederi og student vert formidla.
Praksisperiode: Praksisperioden vert gjennomført om bord på utvalt farty. Utreisedato og heimreisedato kan variera noko frå student til student, men alle studentane har 6 til 8 veker om bord på fartyet. Ut over normal opplæring og innføring om bord, jobbar studentane via Webcadet med dei delane som vart gjennomgått i oppstarten. Studenten vert fylgt opp av assessor om bord på fartyet og kontaktperson på HVL. Studentane arbeider også med mappeoppgåvene sine.
*NB: Emnet har avgrensa tal plassar pga talet på tilgjengelege praksisplassar.
** Emnet er basert på ca 2 mnd fartstid ombord i eit farty. I løpet av denne tida er studenten mønstra som student, men får godkjent tida ombord som sertifikatgivande fartstid i forbindelse med søknad om dekksoffisersertifikat.
Læringsutbytte
Ein student skal ved fullført emne ha følgande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheitar og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten:
- Har brei kunnskap om det å arbeide ombord i eit skip
- Har brei kunnskap om ivaretaking av grunnleggande arbeidsoppgåver ombord i eit skip
- Har brei kunnskap om bruk av alarminstruksar, mønstringslister, brann og sikkerheitsplanar ombord i eit skip
- Har brei kunnskap om bruk av ISPS-planar ombord i eit skip
- Har brei kunnskap om relevante kommunikasjonsformer ombord i eit skip - både internt på skipet og med andre skip, landorganisasjonar, hamner, etc.
- Har brei kunnskap om rangordninga om bord, og kven som har ansvar for kva for arbeidsoppgåver om bord
- Har brei kunnskap om rette arbeidsteknikkar, særskilt relatert til kritiske operasjonar
- Har brei kunnskap om aktuelle retningsliner, forskrifter og lovverk gjeldande for skipet
Ferdigheter
Studenten:
- Identifiserer, vurderer, prioriterar, planlegg, utfører, føl opp, rapporterar og dokumenterar arbeidsoppgåver innan sitt ansvarsområde om bord
- Kan gjennomføre og overlevere brovakt sikkert
- Kan planlegge ei sjøreise
- Kan planlegge og reflektera rundt ein lasteoperasjon for skipet
- Handterer relevant utstyr sikkert og nyttar dette på rett måte
- Utfører rette arbeidsteknikkar inklusiv forflyttingsteknikk
- Arbeider systematisk og tilpassar arbeidstempoet etter tildelte arbeidsoppgåver
- Samarbeider godt med dei andre om bord, både på dekk og i maskin
- Nyttar kunnskap frå pensum, forsking og utviklingsarbeid innan nautikkutdanninga.
- Reflekterar over eiga fagleg utøving og justerer denne under rettleiing
- Er kjent med og føl retningsliner om bord i skipet
- Kan knytta erfaringane om bord til teori gjennomgått på studiet
Generell Kompetanse
Studenten:
- Syner innsikt i operasjonar relevante for skipet.
- Syner sjølvstende, nøyaktigheit og fagleg forsvarlegheit i utføring av arbeidsoppgåver ombord.
- Arbeider i samsvar med lovverk og retningsliner, inkludert skipet sitt sikkerheitsstyringssystem.
- Syner respekt for andre.
- Tek ansvar for eiga læring og tek initiativ til å utnytta læresituasjonar, og nyttar rettleiing aktivt og konstruktivt.
- Syner evne til kritisk refleksjon over eigen arbeidsinnsats, inkludert planlegging og utføring av eigne arbeidsoppgåver
- Får innsikt i nytenking og innovasjonsprosessar innan området
Krav til forkunnskapar
- NAB1020 Grunnleggende sikkerhetskurs for sjøfolk
- NAB1025 Sikkerhetsbevissthet for sjøfolk med anviste sikkerhetsplikter
- NAB1026 Navigasjon I
- NAB1027 Navigasjon II
- NAB2014 Navigasjon III
- NAB2002 Meteorologi og oseanografi
eller tilsvarande.
Merk; Emnet har avgrensa tal med plasser. Søknad om plass skjer via Studentweb innen nærmere angitt dato. Rangering av søkere skjer på grunnlag av gjennomsnittskarakter i emnene som er forkunnskapskrav, og deretter loddtrekning.
Tilrådde forkunnskapar
- NAB1028 Samarbeid, organisasjon og kultur på skip
- NAB2052 Marint Maskineri
- NAB2022 Skipsteknikk
- NAB2011 Varme- og strøymingslære
- NAB2028 Lasteteknikk
Undervisnings- og læringsformer
- Praktisk arbeid
- Førelesingar/møter
- E-læring
- Sjølvstudiar
Obligatorisk læringsaktivitet
- Godkjent helseerklæring
Vurderingsform
Mappeeksamen, vekting 100/100, Bestått/ikke bestått
(Inkluderer: Forventningsnotat, Refleksjonsnotat og sluttnotat)
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle tilgjengelege hjelpemiddel tillatne.
Meir om hjelpemiddel