Hopp til innhald

NAB3039 Integrert praksis

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet består av følgande fasar:

Oppstart: Tilnærming til faget. Heilt i byrjinga av semesteret sjekkar vi at alle har godkjende helseattestar, sikkerheitskurs, pass etc. Informasjon om praksisperioden. Webcadet blir gjennomgått. Kontakt mellom rederi og student blir formidla.

Praksisperiode: Praksisperioden blir gjennomført om bord på utvalt fartøy. Utreisedato og heimreisedato kan variere noko frå student til student, men alle studentane har 6 til 8 veker om bord på fartøyet. Ut over normal opplæring og innføring om bord jobbar studentane via Webcadet med dei delane som blei gjennomgått i oppstarten. Studenten blir følgt opp av assessor om bord på fartøyet og kontaktperson på HVL. Studentane arbeider også med mappeoppgåvene sine.

Emnet er basert på 6-8 uker om bord i eit fartøy. I løpet av denne tida er studenten mønstra som student, men får godkjent tida om bord som sertifikatgivande fartstid i forbindelse med søknad om dekksoffisersertifikat.

Læringsutbytte

- Kunnskap

Studenten:

  • Har brei kunnskap om det å arbeide om bord i eit skip
  • Har brei kunnskap om ivaretaking av grunnleggande arbeidsoppgåver om bord i eit skip
  • Har brei kunnskap om bruk av alarminstruksar, mønstringslister, brann- og sikkerheitsplanar om bord i eit skip
  • Har brei kunnskap om bruk av ISPS-planar om bord i eit skip
  • Har brei kunnskap om relevante kommunikasjonsformer om bord i eit skip - både internt på skipet og med andre skip, landorganisasjonar, hamner, etc.
  • Har brei kunnskap om rangordninga om bord, og kven som har ansvar for kva for arbeidsoppgåver om bord
  • Har brei kunnskap om rette arbeidsteknikkar, særskilt relatert til kritiske operasjonar
  • Har brei kunnskap om aktuelle retningslinjer, forskrifter og lovverk gjeldande for skipet

- Ferdigheter

Studenten:

  • Kan identifisere, vurdere, prioritera, planleggje, utføre, følgje opp, rapportere og dokumentere arbeidsoppgåver innan sitt ansvarsområde om bord
  • Kan gjennomføre og overlevere brovakt sikkert
  • Kan planleggje ei sjøreise
  • Kan planleggje og reflektere rundt ein lasteoperasjon for skipet
  • Kan handtere relevant utstyr sikkert og nyttar dette på rett måte
  • Kan utføre rette arbeidsteknikkar inklusiv forflyttingsteknikk
  • Kan arbeide systematisk og tilpasse arbeidstempoet etter tildelte arbeidsoppgåver
  • Kan samarbeide godt med dei andre om bord, både på dekk og i maskin
  • Kan nytte kunnskap frå pensum, forsking- og utviklingsarbeid innan nautikkutdanninga
  • Kan reflektere over eiga fagleg utøving og justere denne under rettleiing
  • Er kjent med og følgjer retningslinjer om bord i skipet
  • Kan knytte erfaringane om bord til teori gjennomgått på studiet

- Generell kompetanse

Studenten:

  • Syner innsikt i operasjonar relevante for skipet.
  • Syner sjølvstende, nøyaktigheit og fagleg forsvarlegheit i utføring av arbeidsoppgåver om bord
  • Arbeider i samsvar med lovverk og retningslinjer, inkludert skipet sitt sikkerheitsstyringssystem
  • Syner respekt for andre
  • Tek ansvar for eiga læring og tek initiativ til å utnytta læresituasjonar, og nyttar rettleiing aktivt og konstruktivt
  • Syner evne til kritisk refleksjon over eigen arbeidsinnsats, inkludert planlegging og utføring av eigne arbeidsoppgåver
  • Får innsikt i nytenking og innovasjonsprosessar innan området

Krav til forkunnskapar

  • NAB1020 Grunnleggande sikkerheitskurs for sjøfolk
  • NAB1025 Sikkerheitsbevisstheit for sjøfolk med særskilte sikkerheitsplikter
  • NAB1026 Navigasjon I
  • NAB1027 Navigasjon II
  • NAB2014 Navigasjon III
  • NAB2002 Meteorologi og oseanografi

eller tilsvarande.

Merk: Emnet har avgrensa tal med plassar. Søknad om plass skjer via Studentweb innan ein nærare sett frist. Rangering av søkjarar skjer på grunnlag av gjennomsnittskarakter i emna som er forkunnskapskrav, og deretter loddtrekning.

Tilrådde forkunnskapar

  • NAB1028 Samarbeid, organisasjon og kultur på skip
  • NAB2052 Marint maskineri
  • NAB2022 Skipsteknikk
  • NAB2011 Varme- og strøymingslære
  • NAB2028 Lasteteknikk

Undervisnings- og læringsformer

  • Praktisk arbeid
  • Førelesingar/møter
  • E-læring
  • Sjølvstudiar

Obligatorisk læringsaktivitet

Godkjent helseerklæring

Vurderingsform

Mappeeksamen, vekting 100/100. Bestått / ikke bestått

(Inkluderer: forventningsnotat, refleksjonsnotat og sluttnotat)

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle tilgjengelege hjelpemiddel tillatne.

Meir om hjelpemiddel