NAB3039 Integrert praksis
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Emnet består av følgande fasar:
Oppstart: Tilnærming til faget. Heilt i byrjinga av semesteret sjekkar vi at alle har godkjende helseattestar, sikkerheitskurs, pass etc. Informasjon om praksisperioden. Webcadet blir gjennomgått. Kontakt mellom rederi og student blir formidla.
Praksisperiode: Praksisperioden blir gjennomført om bord på utvalt fartøy. Utreisedato og heimreisedato kan variere noko frå student til student, men alle studentane har 6 til 8 veker om bord på fartøyet. Ut over normal opplæring og innføring om bord jobbar studentane via Webcadet med dei delane som blei gjennomgått i oppstarten. Studenten blir følgt opp av assessor om bord på fartøyet og kontaktperson på HVL. Studentane arbeider også med mappeoppgåvene sine.
Emnet er basert på 6-8 uker om bord i eit fartøy. I løpet av denne tida er studenten mønstra som student, men får godkjent tida om bord som sertifikatgivande fartstid i forbindelse med søknad om dekksoffisersertifikat.
Om bord vil studenten i stor grad jobbe i eit internasjonalt miljø. På nokre fartøy kan studenten jobbe saman med éin eller fleire nordmenn, mens på andre vil studenten vere einaste nordmann om bord. Dette kjem an på kva fartøy reiarlaga har til disposisjon for praksisplassar. Det betyr at studenten må kommunisere på engelsk, som på svært mange skip er arbeidsspråket. Studenten må forholde seg til og samhandle med kollegaer med ulik nasjonalitet og kulturell bakgrunn, og må vere medvitne om korleis ein kommuniserer og oppfører seg. I nokre tilfelle vil fartøyet stort sett vere i norsk farvatn, men fleire av fartøya vil vere i internasjonalt farvatn og leggje til i hamner i andre land.
Læringsutbytte
- Kunnskap
Studenten:
- Har brei kunnskap om det å arbeide om bord i eit skip
- Har brei kunnskap om ivaretaking av grunnleggande arbeidsoppgåver om bord i eit skip
- Har brei kunnskap om bruk av alarminstruksar, mønstringslister, brann- og sikkerheitsplanar om bord i eit skip
- Har brei kunnskap om bruk av ISPS-planar om bord i eit skip
- Har brei kunnskap om relevante kommunikasjonsformer om bord i eit skip - både internt på skipet og med andre skip, landorganisasjonar, hamner, etc.
- Har brei kunnskap om rangordninga om bord, og kven som har ansvar for kva for arbeidsoppgåver om bord
- Har brei kunnskap om rette arbeidsteknikkar, særskilt relatert til kritiske operasjonar
- Har brei kunnskap om aktuelle retningslinjer, forskrifter og lovverk gjeldande for skipet
- Ferdigheiter
Studenten:
- Kan identifisere, vurdere, prioritere, planleggje, utføre, følgje opp, rapportere og dokumentere arbeidsoppgåver innan sitt ansvarsområde om bord, og er kjent med og følgjer retningslinjer om bord i skipet
- Kan gjennomføre og overlevere brovakt sikkert
- Kan planleggje ei sjøreise
- Kan planleggje og reflektere rundt ein lasteoperasjon for skipet
- Kan handtere relevant utstyr sikkert og nyttar dette på rett måte
- Kan utføre rette arbeidsteknikkar inklusiv forflyttingsteknikk
- Kan arbeide systematisk og tilpasse arbeidstempoet etter tildelte arbeidsoppgåver
- Kan samarbeide godt med dei andre om bord, både på dekk og i maskin, og viser respekt for andre
- Kan knytte erfaringane om bord til teori gjennomgått på studiet
- Kan reflektere over eiga fagleg utøving og justere denne under rettleiing
- Generell kompetanse
Studenten:
- Syner innsikt i operasjonar relevante for skipet.
- Syner sjølvstende, nøyaktigheit og fagleg forsvarlegheit i utføring av arbeidsoppgåver om bord
- Arbeider i samsvar med lovverk og retningslinjer, inkludert skipet sitt sikkerheitsstyringssystem
- Tek ansvar for eiga læring og tek initiativ til å utnytta læresituasjonar, og nyttar rettleiing aktivt og konstruktivt
- Syner evne til kritisk refleksjon over eigen arbeidsinnsats, inkludert planlegging og utføring av eigne arbeidsoppgåver
Krav til forkunnskapar
1. Godkjent helseerklæring. Helseerklæringa skal ikke leverast før ein har fått mellombels opptak på emnet. Denne dokumentasjonen vil då bli spurt etter.
2. Emner:
- NAB1020 Grunnleggande sikkerheitskurs for sjøfolk
- NAB1025 Sikkerheitsbevisstheit for sjøfolk med særskilte sikkerheitsplikter, eller tilsvarande
- NAB1026 Navigasjon I
- NAB1027 Navigasjon II
- NAB2014 Navigasjon III
eller tilsvarande.
Merk: Emnet har avgrensa tal med plassar. Dersom det er fleire søkjarar enn tal på plasser, vil rangering av søkjarar skje på grunnlag av gjennomsnittskarakter i emna som er forkunnskapskrav, og deretter loddtrekning.
Tilrådde forkunnskapar
- NAB1028 Samarbeid, organisasjon og kultur på skip
- NAB2002 Meteorologi og oseanografi
- NAB2052 Marint maskineri
- NAB2022 Skipsteknikk
- NAB2011 Varme- og strøymingslære
- NAB2028 Lasteteknikk
Undervisnings- og læringsformer
- Praktisk arbeid
- Førelesingar/møter
- E-læring
- Sjølvstudiar
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen.
Vurderingsform
Mappeeksamen, vekting 100/100. Bestått / ikkje bestått. Alle element må vere bestått for å bestå i emnet.
(Inkluderer: forventningsnotat, refleksjonsnotat og sluttnotat)
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle tilgjengelege hjelpemiddel tillatne.
Meir om hjelpemiddel