Hopp til innhald

OR6-403 Leiing og endring i organisasjonar

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet tek opp eit utval problemstillingar og tema som er relevant for alle organisasjonar og organisasjonstypar. Relevansen for eigen organisasjon skal synleggjerast gjennom studentanes praktiske tilnærming til lærestoffet. Grunnleggjande tema og problemstillingane er: perspektiv på organisasjonar, særtrekk ved offentlege organisasjonar, reformer i organisasjonar og organisasjonar som ramme for leiing.

Læringsutbytte

Etter avslutta emne skal studentane ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

  • Ha kunnskap om ulike perspektiv på organisasjon og leiing
  • Ha utdjupa kunnskap om særtrekk ved offentleg leiing
  • Ha innsikt i korleis reformer i offentleg sektor påverkar idear om leiing og organisering
  • Ha forståing av kva leiingsideal som dominerer i eigen organisasjon og korleis reformer og organisasjonar legg føringar på individuelle endringsaktivitetar 
  •  

  • Kan nytte fleire perspektiv på organisering for å analysere komplekse leiarutfordringar
  • Kan kritisk vurdere ulike teoriar om leiing og forstå korleis særtrekk ved offentlege organisasjonar utgjer rammer for utøving av leiing
  • Kan formulere sjølvstendige faglege resonnement om korleis reformer i offentleg sektor påverkar idear om organisering
  • Kan identifisere kva leiingsideal som dominerer i eigen organisasjon og korleis organisasjonar legg føringar for endringsaktivitetar 

 

  • Evne til å anvende teoretiske omgrep og perspektiv på problemstillingar i eigen organisasjon

Krav til forkunnskapar

Sjå generelle opptakskrav i studieplanen.

Undervisnings- og læringsformer

Deltakarane sine erfaringar og eksisterande organisasjonsforståing skal utfordrast gjennom arbeid med relevant teori og alternative perspektiv.  I samlingane vekslar ein mellom førelesningar, øvingar og diskusjonar.

Obligatorisk læringsaktivitet

A-krav nr. 1 a, : Eigenpresentasjon: Målformulerande dokument der studenten gjer greie for forventningar og mål for emnet og studiet.

A-krav nr. 1b: Delta i munnleg presentasjon av gruppearbeid om organisasjonsanalyse.

 

Eit arbeidskrav er gyldig dei fire påfølgande semester. Ut over dette må studenten søkje spesielt om godkjenning. 

Vurderingsform

Semesteroppgåve der eit organisasjonsproblem eller ei utfordring på eigen arbeidsplass blir drøfta ut frå pensum. Innleveringsfristen og andre formelle krav til innleveringa blir gjort kjend av faglærar. Arbeidet kan vere individuelt, eller i gruppe på 2 studentar. Rettleiande vil eit individuelt arbeid vere på maksimalt 10 sider (ca. 4000 ord)  medan eit gruppearbeid vil innehalde inntil 20 sider (ca. 8000 ord).

 

Bokstavkarakter A-F.

 

Ved stryk kan omarbeidd tekst leverast.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • OR6-403 - Leiing og endring i organisasjonar - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • OR6-401 - Leiing og endring i organisasjonar - Reduksjon: 13,5 studiepoeng
  • OR6-404 - Organisasjon, leiing og læring i kommunal sektor - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • OR6-405 - Samarbeid, fornying og leiing i kommunal sektor - Reduksjon: 5 studiepoeng