Hopp til innhald

ALB801 Aktive lærande barnehagebarn

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Det er berre deltakarar på ACTNOW som kan søke plass på kurset.

Studiet er bygd opp rundt desse innhaldselementa:

  • Utviklingsarbeid i barnehagen (utvikle barnehagen som kollektivt system)
  • Didaktikk, pedagogikk og tilrettelegging for fysisk aktivitet/kroppsleg leik i barnehagen
  • Motorisk og kognitiv utvikling
  • Fysisk aktivitet, leik og læring
  • Fysisk aktivitet, helse og livsmeistring

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten:

  • har inngåande kunnskap om korleis ein driv utviklingsarbeid i barnehagen
  • har kunnskap om fysisk aktivitet i eit førebyggjande og helsefremmande perspektiv
  • har inngåande kunnskap om leik (fri leik, rettleia leik og leikbasert læring)
  • har teoretisk kunnskap om korleis ulike typar fysisk aktivitet/kroppsleg leik påverkar barn si utvikling og helse
  • har inngåande kunnskap om barn si motoriske, sosio-emosjonelle og kognitive utvikling

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan leie dialogar om faglege utfordringar i personalgruppa
  • kan leggje til rette for fysisk aktivitet gjennom heile barnehagekvardagen
  • kan leggje til rette for, støtte og utvikle barn sin fysisk aktive leik
  • kan integrere fysisk aktiv leik og fagområda i Rammeplanen
  • kan kritisk reflektere over eigen praksis

Generell kompetanse

Studenten:

  • har endrings- og utviklingskompetanse
  • kan leie eit utviklingsarbeid i barnehagen
  • kan planleggje, gjennomføre, evaluere og reflektere over eigne tiltak for fysisk aktivitet i barnehagen
  • er bevisst eiga rolle for fremming av fysisk aktivitet i barnehagen

Krav til forkunnskapar

Barnehagelærarutdanning/førskulelærarutdanning

Tilsette med lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, eller praktisk-pedagogisk utdanning) er óg kvalifiserte. Andre tilsette i barnehagane med anna relevant 3-årig bachelorutdanning utan PPU kan søkje opptak.

Deltakarane i utdanninga må delta i kompetanseutviklinga i forskingsprosjektet ACTNOW i studieperioden.

Undervisnings- og læringsformer

Samlingar på høgskulen og lokalt i barnehagane. Nettundervisning. Arbeidsoppgåver i personalgruppa. Teoretiske oppgåver og praktiske oppgåver.

Obligatorisk læringsaktivitet

Emnet har to arbeidskrav.

Frammøte og gjennomføring av aktivitetane i kompetanseutviklinga i forskingsprosjektet ACTNOW:

  • 2-dagars samling
  • 2 undervisingsdagar i eigen barnehage
  • 2 personalmøte
  • 2 dagar erfaringsdeling mellom barnehagar
  • Utprøving av aktivitetar i barnehagen
  • Utarbeiding av plan/skisser for eigen barnehage

Refleksjonsnotat kring utviklingsarbeidet i barnehagen, modellen for fysisk aktivitet som er utvikla, og vegen vidare

Skriftleg innlevering og tilbakemelding.

Vurderingsform

Praktisk gruppeeksamen. Studentane får ei gruppeoppgåve som skal løysast og presenterast munnleg, med avsluttande samtale.

Greidd/ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemidlar tilet.

Meir om hjelpemiddel