Hopp til innhald

BØA117 Finansrekneskap med analyse

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Kurset bygger på BØA113 Innføring i bedriftsøkonomi med rekneskap eller liknande kurs. Kurset skal gi god innsikt i finansrekneskapen si oppbygging og rammevilkår. Kurset skal vidare gi nødvendige kunnskapar til å behandle sentrale rekneskapsmessige måleproblem, berekne skatt og til å kunne utarbeide ei kontantstraumoppstilling. Med utgangspunkt i årsrekneskapen viser ein korleis bedrifta si lønnsemd, likviditet, finansiering og soliditet kan analyserast nærare.

Innhald:

  • Grunnleggande rekneskapsprinsipp og god rekneskapsskikk
  • Rekneskapslovas vurderingsreglar for eigedelar og gjeld
  • Rekneskapsføring av inntektsskatt i aksjeselskap
  • Eigenkapital og disponering av årsresultat
  • Utarbeiding av kontantstraumoppstilling
  • Tradisjonell rekneskapsanalyse

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten skal ved fullføring

  • ha god innsikt i finansrekneskapen si oppbygging og rammevilkår
  • kjenne til sentrale rekneskapsprinsipp og vurderingsreglar
  • kjenne til dei mest sentrale skilnadane mellom rekneskaps- og skattereglar
  • forstå samanhengen mellom likviditditetsendringar (kontantstraumoppstilling) for ei bedrift, verdiskapinga (resultatrekneskap) og anskaffing og bruk av kapital (balanse)
  • kjenne til sentrale nøkkeltal innan lønnsemd, likviditet, finansiering og soliditet  

Ferdigheiter Studenten skal ved fullføring

  • kunne stille opp resultatrekneskap og balanse i samsvar med rekneskapslovas oppstillingsplanar
  • kunne handsame sentrale måle- og vurderingsproblem innan rekneskap
  • kunne sette opp ei enkel skatteberekning
  • kunne gjere årsoppgjørsposteringar og disponering av resultatet
  • kunne utarbeide kontantstraumoppstilling
  • kunne rekne ut og vurdere sentrale nøkkeltal med utgangspunkt i framlagt og justert årsrekneskap for analyse.

Generell kompetanse Studenten skal ved fullføring

  • ha utvikla ei grunnleggande fagleg og praktisk innsikt, samt analytiske ferdigheiter knytt til finansrekneskapen
  • ha grunnlag for vidare fordjuping innan fagområdet  

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Innføring i bedriftsøkonomi med rekneskap (BØA113 eller tilsvarande

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og oppgåveseminar

Obligatorisk læringsaktivitet

Tre skriftlege arbeidskrav.  Godkjente arbeidskrav er alltid gyldige.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen 4 timar. Eksamen kan bli gjennomført på digitalt eksamenssystem.

Hjelpemiddel ved eksamen

Enkel kalkulator. Norges Lover, skattelovsamling, særtrykk av lover og forskrifter

Meir om hjelpemiddel