Hopp til innhald

GE484 Geofare og skredkartlegging

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Kurset gir ein oversikt over ulike typar geofarar: Skred, flaumar, tsunamiar og jordskjelv etc. Me brukar mest tid på skred og går meir i djupna på prosessane og utløysingsmekanismane til steinsprang, fjellskred, jord- og flaumskred, snøskred og kvikkleireskred. Ein viktig del av kurset er kartlegging av skredavsetjingar i felten.

Læringsutbytte

Kunnskap

Brei og generell forståing av mekanismane og prosessane til tsunamiar, jordskjelv, flaum og skred og korleis desse geofarane kan påverka infrastruktur og folk.

Detaljert kunnskap om ulike typar skred; skredprosessane og utløysingsmekanismane.

 

Ferdigheiter

Skal kunna identifisera og tolka ulike skredspor og skredavsetjingar i terrenget.

 

Generell kompetanse

Skal kunne kartleggja tidlegare skredhendingar i eit område. Skal kunna vurdera risikoen for framtidige skred i eit område.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

GE406 Geologi grunnkurs

GE414 Strukturgeologi og tektonikk

GE413 Kartlære og GIS

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, øvingar og feltarbeid

Feltarbeid:

Fire dagar med kartlegging av ulike skredavsetjingar i Lærdal, Vest-Noreg. Studentane arbeider sjølvstendig, to og to i lag, med rettleiing frå faglærar. Ein dag ekskursjon med fokus på skredprosessar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Godkjende øvingsrapportar: a. tsunamiar, b. flaumar and c. jordskjelv.

Godkjend rapport frå skredkartlegginga. 

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 4 timar. Karakter A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Linjal

Kalkulator

Fargeblyantar

Meir om hjelpemiddel