Hopp til innhald

GE484 Geofare og skredkartlegging

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Kurset gir ein oversikt over ulike typar geofarar: Skred, flaumar, tsunamiar og jordskjelv etc. Me brukar mest tid på skred og går meir i djupna på prosessane og utløysingsmekanismane til steinsprang, fjellskred, jord- og flaumskred, snøskred og kvikkleireskred. Ein viktig del av kurset er kartlegging av skredavsetjingar i felten.

Læringsutbytte

  • Studenten har ei brei og generell forståing av mekanismane og prosessane til tsunamiar, jordskjelv, flaum og skred og korleis desse geofarane kan påverka infrastruktur og folk.
  • Studenten oppnår detaljert kunnskap om ulike typar skred; skredprosessane og utløysingsmekanismane.

  • Studenten skal kunna identifisera og tolka ulike skredspor og skredavsetjingar i terrenget.

  • Studenten skal kunna kartleggja tidlegare skredhendingar i eit område og vurdera risikoen for framtidige skred i eit område.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

GE406 Geologi grunnkurs

GE414 Strukturgeologi og tektonikk

GE413 Kartlære og GIS

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, øvingar og feltarbeid

Fire dagar med kartlegging av ulike skredavsetjingar i Lærdal, Vest-Noreg. Studentane arbeider sjølvstendig, to og to i lag, med rettleiing frå faglærar. Ein dag ekskursjon med fokus på skredprosessar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Godkjende øvingsrapportar: a. tsunamiar, b. flaumar and c. jordskjelv.
  • Godkjend rapport frå skredkartlegginga. 

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar. Bokstavkarakter A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

  • Linjal
  • Kalkulator
  • Fargeblyantar

Meir om hjelpemiddel