NAB3041 Sjørett II
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
- Internasjonale sjøfartsreglar og korleis desse er gjennomført i norsk rett.
- Særleg SOLAS, MARPOL, STCW og MLC konvensjonane.
- Havrettskonvensjonen.
- Paris MOU.
- ISM og ISPS kodene.
- Plikt på bakgrunn av EØS avtala/ fellesskapsregelverk.
- Nasjonale reglar om ansvar ved oljeforureining.
Læringsutbytte
Kunnskap:
Studenten
- er fortruleg med sentrale konvensjonar utarbeidd av IMO og ILO.
- forstår korleis Noreg kan vera med på å påverke innhaldet i desse.
- forstår korleis Noreg som nasjonalstat forpliktast.
- forstår korleis flaggstatens og kyststatens interesser spriker og korleis det internasjonale regelregimet søkjer å eine desse interessene.
- skjønar EU si rolle som overstatleg og myndigheitsutøvande organ.
Ferdigheitar:
Studenten
- er i stand til å nytta regelverket på aktuelle problemstillingar.
- kan tolka og forstå einskildbestemmingar.
- kan bruke innhaldet i slike einskildbestemmingar på konkrete saker.
- kjenner til kva for sertifikat og dokument som skal vera om bord iht internasjonale konvensjonar, korleis sertifikata kan skaffast og kor lenge dei er gyldige.
Kompetanse:
Studenten
- kan handsama den teoretiske kunnskapen i praktiske situasjonar.
- kan relatera seg til det internasjonale regelregimet uansett kva for ei rolle ein har, anten det er om bord i skip, i landorganisasjonen eller som myndigheitsperson.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
NAB2016 Sjørett II
Undervisnings- og læringsformer
Forelesningar, sjølvstudium, diskusjonar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ein skriftleg innlevering som må bestås.
Vurderingsform
Skuleeksamen, 5 timer.
Hjelpemiddel ved eksamen
Hjelpemidler iht fagplan.
Meir om hjelpemiddel