Hopp til innhald

SA572 Barndommens og ungdommens historie

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Dette emnet tar for seg oppvekstkåra for barn og unge i ulike historiske periodar, gjennom å sjå på endringar i familieliv, oppseding og skule, arbeid og fritid. Samstundes handlar emnet òg om ulike syn på barn og unge - korleis har dei endra seg over tid, og korleis har dei påverka dei sosiale normene og politiske tiltaka retta mot barn og ungdom? Tilnærminga er tverrfagleg, med forelesarar og pensum frå ulike spesialiteter og fagfelt.

Hovudvekta i pensum er på utviklinga i den vestlege verda, frå antikken via mellomalderen og tidleg nytid heilt fram til dei moderne samfunna og vår eiga tid. I tillegg vil det bli gitt døme på barn og unge sine erfaringar i andre kulturkrinsar. Ein eigen tematisk bolk tar for seg utviklinga av ein moderne ungdomskultur i Noreg.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført studium skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten...

  • har brei kunnskap om livssituasjonen til barn og ungdom i ulike periodar og kulturar
  • kan greie ut om likskapar og skilnader i synet på barn og ungdom i antikken, mellomalderen og i moderne tid
  • kan gi døme på likskaper og skilnader mellom vestlige og ikkje-vestlige perspektiv på barn og unge

Ferdigheiter

Studenten...

  • kan drøfte ulike syn på den moderne barndommens framvekst og karakter
  • kan gje ein individuell skriftleg presentasjon av ei problemstilling
  • kan vurdere eige arbeid/prestasjonar

Generell kompetanse

Studenten...

  • kan skrive tekstar om faglege tema etter definerte vitskaplege kriterium
  • kan nytte historiske teoriar til å tolke og forstå endringar over tid
  • kan nytte digitale verkty og ressursar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Campusstudentar: Sjølvstudium, førelesingar, gruppearbeid, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar som blir kommenterte av faglærar og medstudentar, studentstyrte kollokviegrupper.

Nettstudentar: Sjølvstudium, førelesingar og gruppearbeid ved hjelp av nettkonferanseverktøy og diskusjonsforum, digitale læringsressursar som videoopptak/podcast, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar som blir kommenterte av faglærar og medstudentar, studentstyrte kollokviegrupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

1) Studenten skal skrive ei oppgåve.

2) Fleirvalstest (multiple choice) i heile pensum eller ein nærare definert del av pensum.

Arbeidskrav må blir vurderte til "godkjent" for å kunne gå opp til eksamen. Ved "ikkje godkjent" vil ein få ein ny sjanse.

Vurderingsform

Heimeeksamen (5 timar)

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel