SA596 Examen philosophicum
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Faget gir ei innføring i fire hovudemne: språk og argumentasjon, normativ kunnskaps- og vitskapsteori, moralfilosofi og politisk filosofi.
Læringsutbytte
Etter fullført Examen philosophicum
Kunnskapar
- har studenten kunnskap om filosofiske emne med særleg relevans for humanistiske og samfunnsvitskaplege fag. I tillegg har ho grunnleggjande kunnskap om språk- og argumentasjonslære.
Ferdigheiter
- kan studenten gjere greie for filosofiske omgrep og posisjonar med særleg relevans for humanvitskaplege fag, og delta fagleg informerte i diskusjonar om normative samfunnsspørsmål.
Generell kompetanse
- kan studenten bruke argumentasjonslære til å analysere innlegg i offentleg debatt etter krav om logisk stringens og ryddig språkføring.
Krav til forkunnskapar
Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplan.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Undervisnings- og læringsformer
Sjølvstendig lesing av pensum, forelesingar, seminar og øvingsoppgåver.
Obligatorisk læringsaktivitet
Arbeidskrav 1: Godkjend fleirvalstest i språk- og argumentasjonslære
Arbeidskrav 2: To godkjende øvingsoppgåver
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 4 timar
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel