Hopp til innhald

BARN140 Bruk av aktivitetar i miljøterapeutisk arbeid

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

I emnet vert studenten introdusert for miljøarbeid og miljøterapi som omgrep og arbeidsform og korleis nytte dette i arbeid med utsette barn og unge. Undervisning i aktivitetsfaga er tilpassa bruk av aktivitetar saman med born og unge i barnehage og skule som oppvekstarena. Emnet er førebuande til praksis i emnet BARNP1 Praksis i miljøterapeutisk arbeid i barnehage og skule.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten…

  • har kunnskap om ulike pedagogiske metodar og tiltak i miljøterapeutisk arbeid og utviklingsstøttande omsorg.                
  • har kunnskap om korleis forstå miljøarbeid og miljøterapi i barnevernet, og korleis bruke aktivitetsfag i miljøterapeutisk arbeid.
  • har kunnskap om ungdom, marginalisering og sosial eksklusjon.
  • har kjennskap til fagdebattar forsking og utviklingsarbeid med relevans for sosialpedagogisk arbeid med barn og unge.

Ferdigheit:
Studenten...

  • kan nytte fleirfagleg kunnskap  til å vurdere barns beste i miljøterapeutisk arbeid.
  • kan planlegge og gjennomføre ulike aktivitetar med barn og unge som fremjar, leik, læring, inkludering, meistring og deltaking.

Generell kompetanse:
Studenten...

  • kan legge til rette for aktivitetar for barn og unge, og grunngje skriftleg og munnleg bruken av aktivitet i ein miljøterapeutisk samanheng..  
  • har innsikt i miljøarbeid og miljøterapi som metode i barnevernsfagleg arbeid.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

  • BBARN100 Barnevernspedagogen sitt fag og yrkesfelt
  • BBARN110 Danning og akademisk handverk
  • BBARN120: Barnevernet i velferdsstaten
  • BBARN130: Barn og unges oppvekst og utvikling

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings og læringsformer vekslar mellom forelesing, seminar, gruppearbeid, arbeid i basisgrupper og praktiske aktivitetar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:  

  1. 80 % frammøte i studentaktiv- og erfaringsbasert undervisning,  gruppearbeid og ferdigheitstrening knytt til aktivitetsfaga

Godkjende læringsaktivitetar er gyldig i 3 semester

Vurderingsform

Eksamen 
Skriftleg individuell heimeeksamen over 3 dagar. Omfang: 1500 ord +/- 10%.

Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.

Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.

Ny eksamen
Ny eksamen blir gjennomført med same form som ordinær eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BVP5-311 - Utvikling av positive læringsmiljø - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • BVP5-205 - Kommunikasjonskompetanse, ungdom og marginalisering - Reduksjon: 2,5 studiepoeng