Hopp til innhald

FE404 Matematikk for fornybar energi

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

FE404 diskuterer matematiske emne og metodar som er spesielt relevante for fornybar energi. Det er: differensiering, integrering, lineær optimalisering, differensiallikningar i relevante system i fornybar energi, lineære likningar og Gauss-eliminasjon.

Læringsutbytte

  • Studentane skal kunne bruke differensiering, integrering, lineær optimalisering, differensiallikningar i relevante system i fornybar energi, Gauss-eliminasjon.

  • Studentane skal kunne løyse problem som er relevante for fornybar energi med bruk av differensiering, integrering, lineær optimalisering, differensiallikningar, Gauss-eliminasjon.

  • Studentane har kompetanse om korleis ein gjer berekningar ved bruk av differensiering, integrering, lineær optimalisering, differensiallikningar innan fornybar energi, Gauss eliminasjon.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MA415 og FE405

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar and øvingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Tolv (12) skriftlege oppgåver knytt til emnet sitt matematikkfaglege tema. Ti av tolv oppgåver må vere godkjent (bestått) før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Enkel kalkulator (ikkje programmerbar)

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • FE400 - Energi, teknologi og miljø - Reduksjon: 6 studiepoeng