Hopp til innhald

JU5-105 Juridisk metode

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet Juridisk metode tar for seg rettskjeldelæra, som er dei prinsippa, normene og retningslinene som ein må nytte når ein tek stilling til rettsspørsmål. I faget juridisk metode vert rettskjeldelæra studert, men ein i andre fag må nytte rettskjeldelæra i løysinga av juridiske problemstilingar. Emnet sitt hovudfokus er retta mot relevans-, slutnings og vekt-/harmoniseringsprinsippa, men også andre prinsipp for korleis ein nyttar rettskjeldene vert omtalt som til dømes Den europeiske menneskerettsdomstol sin metode.

Læringsutbytte

Etter fullført emne kan studenten skal studenten ha oversyn over den juridiske metoden og gode kunnskapar om sentrale relevans-, slutnings,- og vektprinsipp.

Studenten skal kunne gjere greie for rettskjeldelæra, som er dei normene, prinsippa og retningslinene ein nyttar når ein tek stilling til rettslege problemstillingar med serleg vekt på sentrale relevans-, slutnings- og vekt-/harmoniseringsprinsipp.

Studenten skal kunne nytte kunnskapane til å analysere konkrete dommar frå Høgsterett. Til dømes skal studenten kunne vise korleis ein i konkrete dommar har nytta: - prinsippa for lovtolking, - prinsippa for bruk av ulovfesta rett og prinsippa for regeldanning på "lovtomt" område, - prinsippa for korleis ein løyser motstrid mellom rettsreglar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Examen facultatum/juridisk forprøve (JU5-100), Examen philosophicum (SA596), Arve- og familierett (JU5-106), Forvaltningsrett (JU5-104) og Kontraktsrett (JU5-103)

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og munnlege framføringar på seminar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Minst 80% deltaking på seminar. Inntil 2 øvingsoppgåver (arbeidskrav.) Ein kan verte pålagd å utarbeide mindre skriftlege arbeid til seminar. Utelatt førebuing til seminar vert rekna som fråver.

Alle arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg til eksamen. 

Eit arbeidskrav er gyldig dei to påfølgande semestra.

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen. Bokstavkarakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ein kan nytte lovdata, lovsemling og eigne notatar eller lysark. Det er tillete å sitere relevante rettskjelder i samsvar med god skikk under framlegging av utdelt oppgåve. Under munnleg utspørring kan ein nytte lovdata og lovsamling, eigne notat og utdrag utarbeidd til framlegget.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • JU5-101 - Juridisk metode - Reduksjon: 8 studiepoeng