Hopp til innhald

MSB103 Forbrukaradferd

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet er utforma for å setje studentane i stand til å forstå kvifor folk kjøper det dei kjøper, og kva som påverkar forbruket deira. Forbruk er ein så stor del av samfunnet at vi ofte er ubevisste på kor stor innverknad det har på livet vårt. I dette emnet ser vi på forbrukaråtferd gjennom ein sosialpsykologisk tilnærmingsmåte, med døme frå marknadsføring og forbrukarforsking, og vi utforskar dei potensielt komplementære erfaringane til enkeltforbrukaren, forbrukskultur og marknadsføring.     

Emnet dekkjer følgjande tema:

  • Menneske som forbrukarar: Framveksten og utviklinga av forbrukarsamfunnet og -kulturen
  • Konsumenten si avgjerdstaking: Val og forbruk av produkt
  • Korleis teknologien verkar inn på forbrukaråtferd
  • Samtidsmodellar for forbrukaråtferd 
  • Marknadssegmentering og den kontinuerlege vurderinga av kor relevant dette er 
  • Oppfatningar og meining
  • Læring, minne og kognisjon 
  • Motivasjon, personlegdom, livsstilar og verdiar
  • Sjølvet, sjølvbilete og det utvida sjølvet
  • Haldningar og overtydande kommunikasjon
  • Kva inntekt og sosial klasse har å seie
  • Gruppepåverknad, sosiale medium og det virtuelle sjølvet 
  • Påverknad frå familie, sosialt miljø og utvikling 
  • Kva innverknad kulturen har på forbrukaråtferd og subkulturelt forbruk

Læringsutbytte

Etter avslutta emne vil studenten 

  • ha avansert kunnskap om marknadsføring og spesialisert innsikt i forbruk i samfunnet, prosessane med spreiing av nyskapingar og relatert forbrukaråtferd   
  • kunne ta i bruk forbrukarteori på nye område innanfor marknadsføring og økonomi  
  • ha djupnekunnskap om kva faktorar som påverkar forbrukaråtferd i ulike tilfelle, kontekstar og samanhengar. 
  • kunne analysere problem i marknadsføringsinnovasjon på grunnlag av historie, tradisjonar, særpreg og lokalisering i samfunnet til forbrukaren.

 

Etter avslutta emne vil studenten 

  • kunne analysere og sjå kritisk på ulike kjelder om forbrukardata og bruke dei til å strukturere og formulere vitskapleg argumentasjon  
  • kunne analysere eksisterande teoriar, metodar og tolkingar på feltet, og arbeide sjølvstendig med praktiske og teoretiske problem   
  • ha ei solid forståing av kor viktig forbrukaråtferd er for verksemder, dei som arbeider med marknadsføring, og dei som driv med innovasjon i marknaden 
  • kunne bruke relevante forskingsmetodar og forsking på ein sjølvstendig måte  
  • kunne gjennomføre eit sjølvstendig og avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i samsvar med dei normene for forskingsetikk som gjeld for forbrukaråtferd. 

 

Etter avslutta emne kan studenten 

  • ta i bruk dagens tenking om forbrukaråtferd 
  • gi råd og rettleiing om kva konsekvensar ulike marknadstaktikkar vil ha i ein bestemt forbrukskontekst 
  • analysere relevante akademiske, profesjonelle og forskingsetiske problem  
  • formidle omfattande sjølvstendig arbeid og meistre språket og terminologien på forbrukarforskingsfeltet 
  • kommunisere om akademiske utfordringar, analysar og konklusjonar på feltet, både med spesialistar og eit allment publikum 
  • bidra til ny tenking og innovasjonsprosessar innanfor kritisk forbrukarteori og forbrukaråtferd 

Krav til forkunnskapar

Opptak på Master of Science in Business

Tilrådde forkunnskapar

Studentane må ha grunnleggjande kunnskap om marknadsføring, som dei har oppnådd gjennom å bestå eit introduksjonsemne i marknadsføring på bachelorprogrammet. 

Undervisnings- og læringsformer

Læringsformene på emnet er ein kombinasjon av forelesingar, problemløysing, diskusjonar om artiklar/døme og øvingar i seminar. Det er forventa at studentane deltek i individuelle presentasjonar og gruppepresentasjonar av litteraturen i emnet, diskusjonar om døme/artiklar og seminar. 

Obligatorisk læringsaktivitet

Arbeidskravet omfattar éi skriftleg oppgåve og éin munnleg presentasjon. Krava blir gjennomførte i grupper på inntil tre personar. Ein må bestå arbeidskravet for å kunne ta eksamen i emnet. Førespurnader om å levere arbeidskrava individuelt må godkjennast av fagansvarleg.

Vurderingsform

Individuell skriftleg eksamen, 5 timar. 

Karakterskalaen er A-F, der F er stryk. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel