NAB1019 Norsk prosjekt Y-veg
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Dette emnet er ei innføring i kommunikasjonsprosessen og kva som kjenneteiknar god kommunikasjon i ein maritim kontekst, og kva som kjenneteiknar ein akademisk tekst. Her lærer studentane om dei viktigaste og vanlegaste sjangrane som blir nytta innanfor deira fagområde. Studentane jobber ein del med skriving, med vekt på akademisk skriving. Studentane får òg kunnskap om retorikk og argumentasjon og om språket som verktøy for god kommunikasjon, i tillegg til formverk, syntaks, grammatikk og grunnleggjande rettskrivingsreglar.
Læringsutbytte
- Kunnskapar:
Studenten
- kjenner til kommunikasjonsprosessen og kva som kjenneteiknar god kommunikasjon
- kjenner til sentrale sjangrar og teksttypar innanfor den maritime konteksten
- veit kva som kjenneteiknar ein akademisk tekst, og kjenner til prinsippa for god kjeldebruk
- kan bruke språket som verktøy for god kommunikasjon
- kan byggje opp eit godt og haldbart argument
- kjenner til formverk, syntaks, grammatikk og grunnleggjande rettskrivingsreglar
- har kunnskapar om dei viktigaste skriftlege sjangrane innanfor fagområdet sitt
- Ferdigheiter:
Studenten
- kan lage og gjennomføre skriftlege og munnlege presentasjonar
- kan byggje opp og skrive ein tekst innanfor den akademiske sjangeren
- kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling
- meistrer relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer
- Kompetanse:
Studenten
- er i stand til å formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysningar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
- kan reflektere over eigen fagleg utøving og justere ho under rettleiing
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre som har bakgrunn innanfor det maritime fagområdet, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesningar med studentaktivitetar, skriftlege og munnlege framstillingar, gruppearbeid og individuell rettleiing.
Studenten vel anten bokmål eller nynorsk som si målform i faget.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ein munnleg presentasjon der emnet for presentasjonen blir oppgitt i starten av semesteret. Éi gjennomført rettleiing på utkast til tekst som skal inngå i mappa.
Vurderingsform
Mappeeksamen. Mappa skal innehalde to element: ein fagtekst basert på teori frå emnet (tel 70 %), og eitt erfaringsnotat etter rettleiing (tel 30 %).
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatne.
Meir om hjelpemiddel