NAB3018 Maritim kommunikasjon
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Emnet gir opplæring som er naudsynt for å løyse radiooperatørsertifikat (GOC).
Kvar einskild student får berre moglegheit til å ta emnet ein gong. Dersom ein har meldt seg opp, men ikkje fullfører utan gyldig grunn, vil høgskulen ikkje dekke kostnader for nytt kurs.
Læringsutbytte
- Kunnskapar:
Studentane skal kunna greia ut om bruk av radioutstyr med tilhøyrande teori.
- Ferdigheitar:
Studentane skal kunna operera som radiooperatør om bord i skip.
- Generell kompetanse:
Faget oppfyller krava til å løysa GMDSS GOC sertifikat og dekker relevante krav i STCW 78 as amended, tabell A-II/1, A-II/2 og A-IV/2.
Krav til forkunnskapar
Minimum 70 studiepoeng produsert i studieprogrammet.
Tilrådde forkunnskapar
None.
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar og praktiske øvingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Godkjent passeringstest levert av Telenor og obligatorisk frammøte i alle delar av faget. Arbeidskrava er berre gyldig det semesteret dei blir tatt.
Vurderingsform
Praktisk/munnleg eksamen i radiostasjon.
Hjelpemiddel ved eksamen
ALRS Vol 5 GMDSS
Alle oppslag ved radiostasjon.
Alle publikasjoner i radiostasjon.
Radiodagbok.
Eigen PC ved digital passeringstest
Meir om hjelpemiddel