Hopp til innhald

SAB220 Praktisk sosialt arbeid i velferdstenestene

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

I dette emnet skal studentane tileigne seg kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse i utøvinga av systematisk sosialt arbeid i velferdstenestene, mellom anna i NAV. Sentrale undervisningstema i emnet er deltaking, arbeidsinkludering og arbeidsmarknadskunnskap i møte med ulike brukargrupper, samt rolla som koordinator i velferdstenestene med tanke på tverrfagleg samarbeid. Studentane skal òg tileigne seg kunnskap om økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving. Emnet vil ha fokus på bruk av NAV sitt lovverk og verkemidlar (tenester og ytingar), samt samhandling med brukarar og aktuelle aktørar i og rundt NAV og andre velferdstenester, inkludert arbeidsgjevarar. Det vert lagt vekt på at studentane skal tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter når det gjeld systematikk i kartlegging og analyse av komplekse sakstilhøve. Vidare vil det romme tilhøvet mellom sosialt arbeid og bruk av digitale kommunikasjonskanalar og oppfylgingssystem. I emnet skal studentane òg utfordrast til å diskutere etiske og skjønnsmessige aspekt ved arbeidet i velferdstenestene som til dømes NAV. Studentane skal vidare tileigne seg kunnskap og ferdigheiter i sosialt arbeid med grupper.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten...

  • har kunnskap om sosialt arbeid sitt teorigrunnlag og metodar som rettar seg mot grupper og involvering av brukarar i velferdstenestene.
  • har kunnskap om kva betyding levekår, helse, utdanning, arbeid og sosial inkludering og aktiv deltaking har i ulike livsfasa.r 
  • har kunnskap om arbeidet sin betyding for helse og velferd, arbeidsinkludering og forhold som regulerer norsk arbeidsliv.
  • har kunnskap om sosialarbeidaren som koordinator i velferdsfeltet, ansvars- og arbeidsfordeling i velferdsforvaltinga, relevante samarbeidspartnarar, og tverrprofesjonelt samarbeid.
  • har kunnskap om velferdspolitiske mål og verkemidlar.
  • har kunnskap om kommunikasjon, relasjon, samhandling og rettleiing.
  • har kunnskap om økonomisk rådgjeving for å førebygge og avhjelpe gjelds- og privatøkonomiske problem.
  • har kjennskap til digitale kartleggings- og oppfølgingsverktøy i arbeidet med brukarar, og kjenner til deira moglegheiter og avgrensningar i sosialt arbeid .
  • har kjennskap til sentrale prinsipp for bruk av tolk i sosialt arbeid.
  • har kjennskap til relevant forskings- og utviklingsarbeid som er relevant for sosialt arbeid og arbeidsinkluderingsfeltet.

Ferdigheiter:
Studenten...

  • kan bruke fagleg kunnskap om arbeidsretta inkludering i møte med arbeidssøkarar, arbeidsgjevarar og samarbeidspartnarar.
  • kan bruke fagleg kunnskap om sosiale problem, overgangar og livskriser for å fremje mestring og endring i samarbeid med enkeltpersoner, grupper og samarbeidspartnarar.
  • kan bruke ulike metodiske tilnærmingar på individ- og gruppenivå innafor velferdsfeltet.
  • kan bruke fagleg kunnskap om relasjon og kommunikasjon i rettleiing, motivasjon og systematisk endringsarbeid.
  • kan bruke fagleg kunnskap for å identifisere ressursar og gi håp i samarbeid med menneske i sårbare livssituasjonar.
  • kan meistre aktuelle metodar for kartlegging, dokumentasjon, analyse og å kunne ta avgjerde.

Generell kompetanse:
Studenten...

  • har innsikt i etiske problemstillingar og kan handtere etiske dilemma i yrkesrolla og i møte med menneske.
  • har innsikt i og kan reflektere kritisk over si profesjonelle rolle i møte med institusjonelle og politiske krav i tenesteutøvinga innan velferdstenestene.
  • har innsikt i betydinga av digital kommunikasjon i profesjonell praksis og samhandling.
  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver i samansette og konfliktfylte situasjonar.
  • kan planlegge, gjennomføre og leie koordinert og tverrprofesjonelt samarbeid mellom ulike tenester og tenestenivå.
  • kan reflektere over rolla som koordinator i møte med brukarar og andre samarbeidspartnarar, innan dei sosialpolitiske, lovmessige og organisatoriske rammene for arbeidet i NAV.
  • kan formidle faget og utveksle synspunkt og erfaringar med samarbeidspartnarar

Krav til forkunnskapar

Følgjande emne må vere greidd:​

  • SAB110 Danning og akademisk handverk
  • SAB120 Sosialt arbeid som fag og profesjon 
  • SAB130 Grunnlagskunnskap i sosialt arbeid
  • SABP1 Sosialt arbeids praksis 1. studieår

Tilrådde forkunnskapar

SAB140 Rammer for sosialt arbeid i velferdstenestene og SABP1 Sosialt arbeids praksis

Undervisnings- og læringsformer

I emnet vert det lagt opp til ein kombinasjon av teoretisk og praktisk baserte undervisningsformer, der bruk av relevante kasusskildringar og innspel frå tilsette og brukarar i velferdstenestene vil være sentrale. Det betyr at kasusoppgåver som studentane skal løyse, utviklas i eit samarbeid mellom tenesteytarar og brukarar og høgskulen sine tilsette. Dette er for å sikre praksis- og verkelegheitsnær erfarings- og teori-utforsking i studentøvingane/ferdigheitstrening.

Studentaktive læringsformer på campus og digitalt, samt tverrfagleg tilnærming er vektlagt i emnet.  Viktige læringsformer vil være seminar og gruppearbeid, møte med praksisfelt og brukarar, ferdigheitstrening, individuelt refleksjonsarbeid, posterutstilling og munnlege framlegg i klassen. Dette er for at studentane skal få lære og mestre ulike tilnærmingar for å tileigne seg og nytte kunnskap.

Ein føreset sjølvstudium av pensum. Det vert førelesningar knytt til sentrale tema.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Krav om 80% frammøte og deltaking i;
  • ferdigheitstrening i sosialt arbeid med grupper
  • erfaringsbasert undervisning, der både praktikarar og brukarar vert nytta som  kunnskapsformidlarar

2. Posterpresentasjon i gruppe

Godkjente læringsaktivitetar er gyldig i 4 semester.

Vurderingsform

Heimeeksamen
Individuell, skriftleg heimeeksamen over 5 dagar. Omfang: 2000 ord +/- 10%.  

Tid for eksamen, sjå Studentweb.

Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er greidd og F er ikkje greidd.

Ny eksamen 
Ny eksamen vert gjennomført med same form som ordinær eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • SOS5-107 - Sosialt arbeid i velferdstenestene - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • BSO115 - Marginalisering, velferdsordningar og sosialt arbeid - Reduksjon: 10 studiepoeng