Hopp til innhald

PL418 Reguleringsplanlegging

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet omhandlar reguleringsplanar som verktøy i fysisk planlegging med vekt på planlegging av bustadområde og planprosessar for private detaljreguleringsplanar. Det vert gjeve opplæring i GIS-LINE og  digitale plankart og utarbeidd ein komplett reguleringsplan 

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studentane:

  • kunne bruke reguleringsplanar som verkty i fysisk planlegging.
  • ha god oversikt over planprosessar og ulike roller og aktørar.
  • ha kontroll på krav til innhald og planframstilling.

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • analysere planområde.
  • utarbeide enkle reguleringsplanar for mindre bustadområde.
  • utarbeide digitale plankart ved bruk av GISLINE. 

Etter fullført emne skal studentane:

  • forstå og kunne bruke reguleringsplanar.
  • kunne delta og gje faglege innspel i planprosessar.

Krav til forkunnskapar

sjå anbefalte forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar

Emnet  bygger på PL 417.   PL416 Landskapsanalyse og PL 412 Landskapsinngrep er tilrådd.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og øvingar. Praktisk prosjektarbeid i grupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

Kurs i GISLINE og utarbeiding av digitalt plankart - individuell oppgåve.

 Godkjent arbeidskrav er ein føresetnad for å kunne gå opp til eksamen. 

Vurderingsform

Prosjektoppgåve i gruppe på 3 - 4 studentar.

Karkaterskala: A-F

Ved stryk eller ynskje om forbetring av karakter, må ny oppgåve løysast.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel