Hopp til innhald

BAMM3005 Maritimt regelverk

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet "Maritim jus" er ein spesiell del av sjøretten som tar for seg nasjonale og internasjonale rettsreglar som skal bidra til god skipssikkerheit. Sentrale tema som behandlast er:

- Hav- og farvannsrett, herunder kva fartøy som omfattas av regelverket og kor.

- Rederiets, skipsførerens og andre om bords plikter med hensyn til skipssikkerheit og sikkerheitsstyring.

- Rettslege krav til teknisk og operativ sikkerheit, herunder sertifikater.

- Herunder rettslige krav til trygg navigasjon og forsvarleg vakthold.

- Rettslege krav som skal bidra til personlig sikkerheit og godt arbeidsmiljø om bord.

- Rettslege krav som skal forhindra forureining og sikra det ytre miljø.

- Rettslege krav til sikring av skip mot terrorangrep, piratangrep, cybertrusler mv.

- Tilsyn og kontroll med skip, herunder havnestatskontroll i henhold til Paris MoU og EU-direktiv.

- Straffansvar og sanksjonar ved regelbrudd i sjøfartsforhold.

Eit gjennomgående tema er korleis  internasjonale sjøfarts- og skipssikkerheitsreglar er gjennomførde i norsk rett. Sentrale konvensjonar og regelverk er Havrettskonvensjonen, SOLAS, COLREG, MLC, MARPOL, ISM-koden og ISPS-koden, Paris MoU osv.

Den sentrale norske lova kor internasjonale reglar er innarbeid i norsk rett er skipssikkerheitslova av 2007 med forskrifter.

I undervisninga vil sentrale caser bli brukt for å belysa innholdet i regelverket: Helge Ingstad (2018), Bourbon Dolphin (2007), Sleipner (1999) og andre.

Læringsutbytte

Kunnskaper:

Studenten 

- har brei kunnskap om sentrale tema, regelverk og juridisk metode innanfor fagområdet maritimt regelverk, herunder:

- Skipssikkerhetsloven med forskrifter og sentrale internasjonale konvensjonar utarbeida av IMO, ILO og EU, som SOLAS, STCW, MARPOL, MLC, ISM-koden og ISPS-koden, Paris MoU mv.

- forstår korleis det internasjonale regelverket er innarbeida i og gjennomførd i norsk rett. 

- kan oppdatera sin kunnskap innan maritimt regelverk. 

- har kunnskap om regelverkets historiske utvikling og plass i sjøretten og sjøfarten.

Ferdigheitar:

Studenten

- kan finna, vurdera og henvisa til maritimt regelverk og fagstoff og framstilla dette slik at det løyse ein problemstilling i tråd med juridisk metode.

- er i stand til å anvenda regelverket på aktuelle problemstillingar.

- kan tolka og forstå rettsbestemmelsar.

- kan bruka slike bestemmelsar på konkrete, føreliggjande sakar i tråd med juridisk metode.

- kjenn til kva sertifikat og dokument som skal vera om bord i henhold til norsk rett og internasjonale konvensjonar, korleis sertifikat kan skaffast og deira gyldighetsperiode.

- kan reflektera over eigen faglig utøving og justera denne under vegledning.

Kompetanse:

Studenten

- har innsikt i relevante problemstillingar knytta til maritimt regelverk.

- kan håndtera den teoretiske kunnskapen om maritimt regelverk i praktiske situasjonar.

- kan forholda seg til det nasjonalt og internasjonalt maritimt regelverk om bord på skip, i landorganisasjonen, men også som myndighetsperson.

- kan utveksla synspunkt og erfaring med andre med bakgrunn innan fagområdet og gjennom dette bidra til utvekling av god praksis.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Kunnskap om og erfaring frå arbeid med Safety Management.

Kjennskap til og forståing for maritime operasjonar i praksis.

Kjennskap til jus, samt norsk og/eller internasjonalt maritimt regelverk, som sjørett. 

Undervisnings- og læringsformer

Forelesninger, diskusjoner, gruppearbeid, case-studier og egenstudier.

Obligatorisk læringsaktivitet

Gruppepresentasjon.

Vurderingsform

Mappeeksamen. Mappa består av to mappeelement som begge må bestås.

Karakterskala A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle tilgjengelege hjelpemidlar.

Meir om hjelpemiddel