Hopp til innhald

BARN300 Arbeid med barn og familiar i krevjande livssituasjonar

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet handlar om arbeid med barn og unge i krevjande livssituasjonar og deira familiar, med hovudvekt på arbeid i barnevernsinstitusjon. Emnet viser korleis barnevernspedagogen kan ta i bruk kunnskap frå psykologi og pedagogikk, samt systemiske, økologiske og mangfaldsperspektiv til å hjelpe barn og unge i samarbeid med familien eller i miljøterapeutisk arbeid. Tverrprofesjonelt samarbeid vil også vere eit sentralt tema. Emnet tek for seg kva smerteuttrykk barn og unge sine erfaringar kan føre med seg, og korleis desse kan møtast med traumebevisst omsorg og andre endringstiltak. Studentane øver seg i å reflektere over ulike forståingsmåtar, og velje miljøterapeutiske tilnærmingar og samtaleformer som kan vere tenleg for det enkelte barn i familien eller på institusjon. Undervisning om ungdom og rus, psykisk helse og kriminalitet inngår i emnet, like eins strafferett og tvangslovgjeving innan psykisk helse og rus. 

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha fylgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Studenten…

  • har brei og fleirfagleg kunnskap om barn og unge si psykiske helse.
  • har brei og fleirfagleg kunnskap om ungdom og rus, marginalisering og kriminalitet.
  • har brei kunnskap om utviklingstraumer hos barn og unge 
  • har brei kunnskap om familie- og nettverksarbeid.
  • har kunnskap om ulike metodar og tiltak innan miljøterapeutisk arbeid med utsette barn og unge på institusjon.
  • har kunnskap om korleis ivareta seg sjølv som profesjonsutøvar i komplekst barnevernsfagleg arbeid
  • har kjennskap til strafferett, tvangslovgjeving i Lov om psykisk helsevern og Lov om kommunale helse- og omsorgstenester.
  • har brei kunnskap om tverrfagleg, tverretatleg og tverrprofesjonelt samarbeid om barn og familiar i krevjande livssituasjonar.

Ferdigheiter: Studenten…

  • kan anvende fleirfagleg kunnskap og kunnskap frå barn og unge til å vurdere barnets beste i miljøterapeutisk arbeid på institusjon og arbeid i familien.
  • kan sikre krenka og traumeutsette barn og unge eit godt og tilpassa omsorgstilbod gjennom traumebevisst omsorg. 
  • kan samarbeide tverrfagleg og tverretatleg om barn og familiar i krevjande livssituasjonar og med samansette vanskar.

Generell kompetanse: Studenten…

  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere endringstiltak i familien og på institusjon for barn og unge i krevjande livssituasjonar og med samansette vanskar.
  • har innsikt i etiske problemstillingar knytt til forholdet mellom maktutøving og barns medverknad.
  • kan anvende kunnskap og kompetanse til å initiere og leie tverrfagleg, tverretatleg og tverrprofesjonelt samarbeid i møte med barn og familiar i krevjande livssituasjonar og med samansette vanskar.

Krav til forkunnskapar

Alle emne første og andre studieår må vere bestått.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisningsformer i dette emnet er førelesingar, seminar, skriftleg oppgåve, basisgruppearbeid og sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

1. Ei individuell skriftleg oppgåve innan gitt frist. Omfang 1000 ord +/- 10%. Munnleg tilbakemelding frå lærar og medstudentar i grupper.

2. Det er krav om 80% deltaking i studentaktiv og erfaringsbasert undervisning, seminar og basisgruppearbeid.

Godkjende læringsaktivitetar er gyldig i 3 semester.

Vurderingsform

Heimeeksamen Individuell heimeeksamen på 3500 ord (pluss/minus 10 %), 7 dagar

Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.

Vurderingsuttrykk Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått

Ny eksamen Ny eksamen vert gjennomført med same form som ordinær eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BVP5-205 - Kommunikasjonskompetanse, ungdom og marginalisering - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • BVP5-312 - Forskingsmetode, psykisk helse og barnevern - Reduksjon: 7,5 studiepoeng