BIDR211 Førebyggjande fysisk aktivitet
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Emnet handlar om korleis fysisk aktivitet kan fremje helse hos barn, unge og vaksne og førebygge dei vanlegaste folkesjukdomane. Studentane skal arbeide med val og dosering av aktivitet og treningsmetoder for å fremje helse og som primær- og sekundærførebygging av aktuelle tilstandar. Studentane får praktisk øving i korleis ein gjennomfører testar for vurdering av helse og fysisk form på individnivå.
I emnet skal studentane gjennomføre punktpraksis i treningsplanlegging og -rettleiing.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om sentrale omgrep innan fagområdet
- har kunnskap om dei vanlegaste folkesjukdomane og deira risikofaktorar
- har brei kunnskap om samanhengar mellom fysisk aktivitet, fremming av helse og førebygging av vanlege folkesjukdommar
- har kunnskap om anbefalte treningsmetodar og dosering av fysisk aktivitet innanfor fagområdet
Ferdigheiter
Studenten
- kan anvende fagleg kunnskap og forsking til å planlegge og gjennomføre fysisk aktivitet og trening for fremming av helse hos barn, unge og vaksne og som primær- og sekundær førebygging av vanlege folkesjukdommar
- kan gjennomføre og reflektere over metodar knytt til testing og vurdering av helse og fysisk form for barn, unge og vaksne
- kan reflektere over eigen fagleg utøving og justere denne under rettleiing
Generell kompetanse
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre og reflektere rundt fysisk aktivitet og trening for personar med vanlege folkesjukdomar eller med auka risiko for desse sjukdomane
- kan formidle og drøfte sentralt fagstoff
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
IDF101 Treningslære, BIDR210 Fysiologi og treningslære
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad knytt til førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. Emnet inneheld både teoretiske og praktiske timar med fokus på studentaktive læringsformer. Det blir gjennomført punktpraksis i treningsplanlegging og -rettleiing (omfang ca 20 timar) som del av emnet.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Gjennomført praksis med tilhøyrande førebuing og evaluering
- Gjennomført lab-aktivitet
- Gjennomført obligatoriske gruppeframsyningar
Dei obligatoriske læringsaktivitetane er knytt til læringsutbytta om å anvende fagleg kunnskap til å planlegge, gjennomføre og reflektere rundt trening og fysisk aktivitet i eit helsefremjande og førebyggande perspektiv.
Vurderingsform
Individuell munnleg eksamen (30 minutt). Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel