Hopp til innhald

EM6-3000 Anvendt finans for eigedomsmarknadenre

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Dette kurset tek føre seg 3 delemne:

  • Analyse av ulike makroøkonomiske faktorar som påverkar bustadmarknaden og den gjensidige påverknaden mellom endring i bustadprisar og konjunkturutvikling
  • Verdsetjing av bustader og næringseigedom
  • Utrekning av kontantstraumar og internrente knytt til ulike lånetypar

Bustadmarknaden er ein av dei største, og viktigaste, marknadene i eit land sin økonomi. I dette kurset vil du lære kva makroøkonomiske faktorar (som t.d. arbeidsløyse og rentepolitikk) som påverkar talet på omsette bustader og prisutviklinga på desse. Kvifor har bustadprisane i Noreg auka, nesten samanhengande, dei siste 30 åra og kvifor kan bustadprisane svinga mykje i periodar? Dette er døme på problemstillingar som vert handsama i dette kurset. Med ujamne mellomrom tek bustadprisane "heilt av", og me får ei bustadboble. Når denne sprekk sender det ofte landet ut i ein djup nedgangskonjunktur med stort fall i verdiskaping og sysselsetjing. Du vil her læra kvifor slike bustadbobler oppstår, kva verknader desse har for resten av økonomien og kva styresmaktene kan gjera for å førebyggja bobler og dempa verknadene av dei.

Dei fleste skal ein eller fleire gonger i livet investera i ein bustad, og nokre skal og kjøpa ein næringseigedom. For eigedomsmeklarar er verdsetjing av eigedomar ein del av yrket. I dette kurset vil du læra å verdsetja ein næringseigedom ved å nytta kontantstraumsmetoden og ulike metodar for å verdsetja ein bustadeigedom, som t.d. samanlikningsmetoden.  

Kjøp av bustad, fritidseigedom, næringsbygg og andre store investeringar vert oftast delvis finansiert med lån. Kurset inneheld difor ei innføring i utrekning av terminbeløp og internrente for fastrentelån og ulike typar av lån med periodevis renteregulering med høvesvis rentetak og tak på terminbeløpet.     

Læringsutbytte

Kunnskapar:

  • forstå kva for makroøkonomiske storleikar som påverkar omsetnaden og prisen på bustader og næringseigedomar
  • Forstå den historiske utviklinga i bustadprisane 
  • Kjenna til ulike verdsetjingsmetodar for bustadeigedomar
  • Kjenna til korleis ein fastset avkastingskravet og korleis ein verdset ein næringseigedom

 Dugleikar:

  • Kunna analysera korleis endringar i makroøkonomiske storleikar som m.a. rente, arbeidsløyse, sysselsetjing, inflasjon og forventningar påverkar omsetnaden av bustader og bustadprisane
  • Kunna gjera greie for kva faktorar som høvesvis skapar ein bustadboble og eit bustadkrakk.
  • Kunna gjera greie for kva styresmaktene kan gjera for å dempa prissvingingane på bustadmarknaden
  • kunna rekna ut avkastinga på ein næringseigedom
  • kunna gjera greie for, og nytta, ulike metodar for verdsetjing av bustader
  • kunna rekna ut internrenta på fastrentelån og på lån med periodisk renteregulering

Generell kompetanse:

  • kunne følgja med på, og forstå, utviklinga på eigedomsmarknaden
  • har innsikt i korleis bustadprisane vert påverka av endringar i, mellom anna, rentenivå og arbeidsløyse
  • får eit betre grunnlag til å vurdera om når vi er inne i ei bustadboble.   
  • Kan gjera verdivurderingar av bustader og næringseigedomar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

BØA118 (Makroøkonomi), BØA204 Investering og Finansiering og BØA111 Matematikk for økonomar, eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar med oppgåveløysing.

Obligatorisk læringsaktivitet

Inntil to skriftlege arbeidskrav som skal løysast individuelt eller i grupper. 

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.

Bokstavkarakter. Skala A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Kalkulator

Meir om hjelpemiddel