Hopp til innhald

MAT202D Matematikk 2

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhold og oppbygning

Dette er det andre av fleire emne som til saman dekker læringsutbytta i matematikk for graden bachelor i ingeniørfag.

Emnet si målsetting er å gi studenten eit utvida grunnlag for den matematikken ein ingeniør treng i studiet og utøvinga av si yrkeskarriere.

Innhald: Vektorrom og lineær uavhengnad; eigenverdi og eigenvektor, følger, rekker og konvergens, taylorrekker; fourierrekker; andre ordens differensiallikningar og lineære differensiallikningar av første orden; system av lineære differensiallikningar med to variable; funksjonar av fleire variable; dobbeltintegral; Laplace-transformasjon.

Læringsutbytte

Emnet presenterer vidaregåande emne i matematikk og viser korleis matematikk blir integrert i ingeniørfagleg problemløysing.

Kunnskap

  • Etter å ha fullført dette emnet, kan kandidaten identifisere og løyse problem relatert til delemne i innhald og har kjennskap til matematisk programvare.

Ferdigheter

  • Kandidaten kan velje matematiske metodar og utføre utrekningar innanfor emnet sine tema.
  • Kandidaten kan forstå, grunngi og vurdere sine utrekningar.
  • Kandidaten kan bruke differensiallikningar og differensiallikningssystem til å modellere og analysere ingeniørfaglige problem.

Generell kompetanse

  • Kandidaten har matematisk forståing som er nødvendig for yrkesutøving og vidare fagleg oppdatering.
  • Kandidatane kan bruke sin matematiske kunnskap, om nødvendig med bruk av matematisk programvare.

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Matematikk 1 eller tilsvarende

Undervisnings- og læringsformer

Nettbasert undervising(supplert med samlinger) basert på:

  • Videosnuttar med teorigjennomgang.
  • Oppgavegjennomgang, synkront med opptak. 
  • Digitale spørretimar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Fire obligatoriske øvingar må vere gjennomført til fastsette fristar og godkjent før eksamen kan gjennomførast.

Godkjente øvingar gir også tilgang til eventuell utsett eksamen følgande semester.

Ved utsatt og ny eksamen neste gong faget blir undervist, må nye øvingar leverast.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 5 timar. Karakterskala A-F, der F tilsvarer ikkje bestått.

Hjelpemidler ved eksamen

Formelark. Enkel kalkulator. Godkjente kalkulatorar er: Casio fx-82 (Alle typer: ES, ES Plus, EX, Solar etc.)

Mer om hjelpemidler