NAB2022 Skipsteknikk
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Innføring i hydrostatikk, stabilitet og trim på skip eller fartøy. Innføring i materiallære, skjærkrefter og bøyemoment, materialspenning, skroget si oppbygging, belastingar på skipsskrog, dimensjoneringsreglar. Korrosjon, overflatehandsaming, måling og vedlikehaldssystem vert og gjennomgått.
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Studenten:
- Har grunnleggande kunnskap på områda initialstabilitet, trim, store krengevinklar, dynamisk og statisk stabilitet, effekt av fri væskeoverflate, ising, lastelinje, samt stabilitet etter skade og grunnstøting.
- Har brei kunnskap innan dei omgrepa som omfattar styrke og belastingsmoment som skip vert utsett for, i tillegg til reglar for desse.
- Forstår behovet for vedlikehald og korleis ein vurderer kva for metodar som skal nyttast.
- Kjenner til vedlikeholdssystem og bruk av slike.
Ferdigheiter:
Studenten:
- Kan demonstrere kva som påverkar hydrostatikk og stabilitet på skip eller farty.
- Kan nytta terminologi og gjøre berekningar innan hydrostatikk.
- Kan gjera grunnleggande berekningar innan initialstabilitet, trim, store krengevinklar, dynamisk og statisk stabilitet, effekt av fri væskeoverflate, ising, lastelinje, samt stabilitet etter skade og grunnstøting.
- Kan vurdera skipet sine lastekondisjonar med utgangspunkt i tillaten skjærkraft og bøyemomentdiagram.
- Kan utføra berekningar for styrke og belasting, og nytta skjærkraft- og bøyemomentdiagram.
- Er i stand til å operera skip sikkert med omsyn til skipet sin konstruksjon og styrke.
- Kan vurdera kva for former for vedlikehald som er naudsynt i ein spesifikk situasjon, og korleis dette vert utført.
- Har god kjennskap til vedlikehaldsstyringssystem og kan følgje opp planlagt vedlikehald.
Kompetanse:
Studenten:
- Har teoretisk kompetanse innan emnet i tråd med STCW 78 med tillegg, tabell A-II/1 og A-II/2.
- Har innsikt i relevante problemstellingar relatert til fagområdet.
- Kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innan fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.
Krav til forkunnskapar
NAB1001 Fysikk
Tilrådde forkunnskapar
NABP1002 Matematikk
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar og rekneverkstad.
Obligatorisk læringsaktivitet
6 obligatoriske innleveringar
3 Innleveringar i Hydrostatikk kor 2 må vere bestått
3 i Innleveringar i Skipskonstruksjon kor 2 må vere bestått
Innleveringane består av opp til 10 oppgåver kvar.
Oppgåvene vil vere ein kombinasjon av gjennomgått teori og mattematiske beregningar
Datoar for innleveringar vært gitt ved semesterstart
Vurderingsform
Del 1: Skriftleg eksamen, 5 timar, tel 60 % på endelig karakter.
Del 2: Skriftleg eksamen, 4 timar, tel 40 % på endeleg karakter.
Begge delane må vere greidd.
(Gradert karakter A - F)
Hjelpemiddel ved eksamen
Godkjend kalkulator er: Casio fx-991EX.
Teknisk formelsamling med tabeller ved Svein Erik Pedersen, Jan Gustavsen, Svein Kaasa og Oddmund Olsen blir delt ut av høgskulen.
Meir om hjelpemiddel