NAB3037 Tankoperasjonar
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Dette emnet adresserer ei rekke grunnleggande og meir avanserte konsept, relevant for å jobba ombord i olje- og kjemikalietankskip.
Emnet dekker reglane i STCW 78 med tillegg, tabell A-V/1-1-1, A-V/1-1-2, A-V/1-1-3, og kvalifiserar til søknad om lågaste og høgste tankermannsertifikat olje og kjemikalie.
Det vil vere ein eigenandel på emnet. Nærare informasjon vil bli gitt.
Sikre operasjonar
- Relevant regelverk
- Korleis unngå farar
- Generell HMS (Helse, Miljø, Sikkerhet)
- Kriser og naudssituasjonar
- Fysiske eigenskapar ved olje og kjemikalier
- Sikker Jobb Analyse relatert til sikre operasjonar
- Sikkerhetssystem relatert til sikre operasjonar
- Operasjonelt utstyr
Miljø og forureining
- MARPOL og relevant regelverk
- Førebygging av ulukker
- Førebygging av forureining
- Sikker Jobb Analysar
- Sikkerheitssystem
- Ballast Water Treatment (Handsaming av ballastvatn)
- VOC (Volatile Organic Compound)
- Utstyr
Operasjonar
- Grunnleggande prinsipp for tankoperasjonar
- Avanserte prinsipp for tankoperasjonar
- Rapportering av hendingar
- COW (Crude Oil Washing - Råoljevasking)
- Tankreingjering
- Gasfriing
- Særskilte operasjoner
Tryggleik
- Teoriundervising, brann i væsker; Olje / Kjemikalier
- Brannførebyggande; Olje / Kjemikalier
- Brannbekjemping olje
- Brannbekjemping kjemikalier
- Diverse utstyr for brannbekjemping; Olje / Kjemikalie
- Evakuering frå lukka rom
- Diverse utstyr for evakuering frå lukka rom
- Teoriundervising medisinsk førstehjelp; Olje / Kjemikalier
- Medisinsk behandling olje
- Medisinsk behandling kjemikalier
- Medisinsk behandling brannskader
- Førstehjelp i lukka rom
- Tryggleik i lukka rom
- Gassmålingsutstyr - Bruk og vedlikehald
- Gassmålingar
- Arbeid i lukka rom
- Tryggleiks- og evakueringsutsyr til lukka rom
Læringsutbytte
- Kunnskap
Studenten:
- Har brei kunnskap om tankoperasjonar på olje- og kjemikalietankskip
- Har brei kunnskap om reglar og forskrifter på olje- og kjemikalietankskip
- Kan sjå moderne tankoperasjonar i historisk samanheng
- Har kunnskap om forsking og utvikling på området
- Ferdigheter
Studenten:
- Kan nytte teori og opparbeidd kunnskap i praktiske tankoperasjonar
- Kan vurdere og iverksetje førebyggande tiltak mot forureining
- Forstår bruk av HMS-system relatert til tankoperasjonar
- Kan føre olje- og lastedagbøker
- Kan reflektere rundt lasting, lossing og transport av oljelast
- Kan reflektere rundt lasting, lossing og transport av kjemikalielast
- Generell kompetanse
Studenten:
- Kan utføre sikre og miljøvennlege operasjonar på olje- og kjemikalietankskip
- Har innsikt i akademiske og profesjonelle etiske problemstillingar relatert til tankoperasjonar på olje- og kjemikalietankskip
- Kan diskutere teoriar, problem og problemløysing relatert til tankoperasjonar med fagfolk og andre
- Er kjent med og oppdatert på forsking og utvikling relatert til olje- og kjemikalietankskip
Krav til forkunnskapar
NAB1022 Kjemi eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
NAB2011 Varme- og strøymingslære
NAB2028 Lasteteknikk
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, gruppearbeid, Casestudier, praktiske øvingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Obligatorisk oppmøte (maks 4 timar fråvær).
Vurderingsform
- Skuleeksamen, skriftleg eksamen, individuell 4 timar, vert vektlagt 50/100, gradert A-F
- Heimeeksamen, gruppeoppgåve, 72 timar, vert vektlagt 50/100, gradert A-F
Hjelpemiddel ved eksamen
- Skriftleg skuleeksamen - godkjent kalkulator: Casio fx-991EX
- Heimeeksamen - alle hjelpemiddel tillatne
Fagleg overlapping
- NAB3016 - Tankoperasjonar - Reduksjon: 5 studiepoeng
- NAB3011 - Tankoperasjoner - Reduksjon: 5 studiepoeng