Hopp til innhald

SAB310 Samfunnsarbeid

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

I dette emnet skal studentane tileigne seg kunnskap om og ferdigheiter i samfunnsarbeid. Samfunnsarbeid byggjer på dialog og deltaking og er ein planlagd prosess for endringsarbeid saman med dei det gjeld. Fokus er retta mot korleis profesjonelle aktørar kan samhandle med ei gruppe, eit fellesskap eller eit lokalsamfunn som ynskjer å bruke eigne ressursar for å løyse problem, og å nå mål dei sjølv har sett seg.

I samfunnsarbeid står kollektiv bevisstgjering sentralt. I emnet blir sosialt arbeid på mikro- og makronivå integrert for å løyse samfunnsmessige utfordringar. Studentane skal tileigne seg kunnskap og ferdigheiter i deltakardemokratiske metodar, samskaping og innovasjon.

Studentar kan velge å ta utvekslingsemner tilsvarende 15 studiepoeng som erstatning for dette emnet.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha fylgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten...

  • har brei kunnskap om sosialt arbeids teorigrunnlag som rettar seg mot grupper og samfunnsnivå
  • har brei kunnskap om korleis sosiale problem oppstår og utviklar seg i ein samfunnsmessig samanheng
  • har kunnskap om kva levekår, helse, utdanning, arbeid og sosial inkludering og sosial  deltaking har å seia i ulike livsfasar for individ, familie og samfunn
  • har kunnskap om korleis sosial klasse, utanforskap, marginalisering og diskriminering påverkar folkehelse og levekår
  • har kunnskap om strukturelle vilkår for sosial deltaking
  • har kunnskap samspelet mellom offentleg, privat og frivillig sektor
  • har kunnskap om sentral lovgjeving innan plan og folkehelseområdet
  • har kunnskap om førebygging, helsefremming og folkehelse, og forstår samspelet mellom helseutfordringar og sosiale problem
  • har kunnskap om sentrale problemområde  som kan bidra til marginalisering og utanforskap.
  • er kjend med menneskerettar og sentrale konvensjonar.
  • er kjend med kunnskapsutviklinga innan samfunnsarbeid og  profesjonens samfunnsansvar.
  • er kjend med ulike metodar innan samfunnsarbeid og kunne vurdera fordelar og ulemper med desse.
  • er kjend med forskings- og utviklingsarbeid innan samfunnsarbeid, nasjonalt og internasjonalt.

Ferdigheiter:
Studenten...

  • kan bruka forskingsbasert, erfaringsbasert og brukarbasert kunnskap i samfunnsarbeid
  • kan finna, vurdera og visa til relevant informasjon og fagstoff og framstille dette både munnleg og skriftleg.
  • kan vurdera vitskapleg kunnskap og politiske rammevilkår  i  ein samfunnsarbeidskontekst.
  • kan reflektera over korleis kunnskap kan nyttast på nye områder og bidra til nytenking og innovasjon
  • kan meistra metodar i samfunnsarbeid som fremjar makt, medverknad og deltaking 
  • kan meistra ulike deltakardemokratiske metodar
  • kan tileigna seg ny kunnskap og ta faglege vurderingar, avgjerder og handla i tråd med samfunnsarbeidspraksis
  • kan dokumentera og formidla eigen fagleg praksis i prosjektarbeid

Generell kompetanse:
Studenten...

  • har innsikt i maktstrukturar og maktutøving i samfunnet
  • har innsikt i forhold som bidreg til ulikskap, og kan fremja sosial rettferd saman med menneske i utsette posisjoner
  • har innsikt i etiske problemstillingar og kan handtere etiske dilemma i rolla som samfunnsarbeidar 
  • har innsikt i, og kan reflektere kritisk over, samfunnsarbeidarrolla
  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver i samansette og konfliktfylte situasjonar.
  • kan formidla samfunnsarbeid og utveksla synspunkt og erfaringar med samarbeidspartnarar
  • kan formidle fagleg kunnskap som fremjar likeverd og mangfald og bidreg til likestilling, inkludering, medverknad og deltaking.

Krav til forkunnskapar

Alle emne i første studieår og tredje semester (SAB210, SAB220) må vere greidd.

Tilrådde forkunnskapar

SAB250 Sosialt arbeid med barn og familiar 

Undervisnings- og læringsformer

I dette emnet vert studentaktive læringsformer vektlagd, slik som; gruppearbeid, praktisk øvingar og work-shop, artikkelseminar, framlegging av prosjektsøknad og opponentskap. Andre læringsformer er ekskursjonar og førelesingar. 

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatorisk læringsaktivitet må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. Kvar einskild gruppe utarbeider og presenterer ein skriftleg prosjektsøknad for klassen og er opponent for ei anna gruppe sin presentasjon.
  2. Kvar einskild student må ta del i gruppepresentasjonen skriftleg og munnleg.
  3. Obligatorisk oppmøte på ekskursjonar, praksisbesøk og work-shop

Godkjent læringsaktivitetar er gyldig i fire semester.

Vurderingsform

Skriftleg oppgåve i gruppe. Innlevering av prosjektsøknad.

Omfang: 5000 ord +/- 10%.

Tid for eksamen, sjå Studentweb.

Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala. A til E er greidd. F er ikkje greidd.

Ny eksamen
Dersom oppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • SOS5-204 - Sosialt arbeid - normalitet og avvik - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • BSO212 - Samfunnsarbeid med fokus på barn og unge - Reduksjon: 15 studiepoeng