Hopp til innhald

JU5-100 Examen facultatum (juridisk forprøve)

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Examen facultatum (juridisk forprøve) er ein introduksjon til jusstudiet, og gir ei innføring i korleis ein løyser rettsspørsmål ved hjelp av juridisk metode. Eit sentralt siktemål med emnet er å gi eit fagleg fundament som gjer det lettare å få grep om dei andre emna på jusstudiet. 

Emnet tek mellom anna føre seg grunnleggjande idear, prinsipp og verdigrunnlag som kjenneteiknar ein rettsstat, kva som er eit rettssystem og korleis det er bygd opp i Noreg, kva som er retten si rolle i samfunnet, sentrale omgrep i juridisk metodelære, og korleis retten kan oppnå legitimitet blant borgarane.

Ein viktig del av emnet er å få trening i å drøfte dei teoretiske og praktiske problemstillingane som emnet tek opp på ein sjølvstendig og balansert måte. Emnet gjev også innføring i korleis ein søkjer juridisk kunnskap på eiga hand, både elektronisk og via bibliotek.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om: 

  • dei sentrale institusjonane i det norske rettssystemet
  • kva ein rettsregel er og korleis slike reglar blir til og blir endra
  • grunnleggende omsyn i norsk rettskultur, og rettsreglar sine funksjonar i samfunnet
  • krava som blir stilt til ein rettsstat
  • korleis internasjonal rett blir del av norsk rett
  • grunntrekk ved juridisk metode (korleis juristar grip fatt i og løyser rettsspørsmål). 
  • korleis retten oppnår legitimitet i samfunnet
  • det moralske ansvaret knytta til rolla som rettsbrukar

 

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • identifisere rettsspørsmål og formulere ei rettsleg problemstilling 
  • søkje etter og hente inn relevante juridiske argument frå digitale kjelder, og påvise eventuelle verdimessige spenningar mellom desse argumenta
  • anvende grunntrekka i juridisk metode på rettsspørsmål 
  • sjå gjeldande rettsreglar i eit rettspolitisk perspektiv

 

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • planlegge og gjennomføre sjølvstendige arbeid innanfor ordgrenser og tidsrammer
  • munnleg presentere kursoppgåver i grupper
  • skape og delta i munnleg diskusjon om teoretiske og praktiske rettslege problemstillingar i grupper
  • utarbeide eit individuelt skriftleg kursoppgåvesvar
  • skriftleg løyse ei praktisk juridisk problemstilling

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminarer, arbeidsgrupper, løysing av oppgåver, framlegging av oppgåve på seminar og sjølvstudium. 

Obligatorisk læringsaktivitet

Minst 80% samla deltaking på seminar og rettleiing i små grupper. Munnleg presentasjon av ei seminaroppgåve på seminar (gruppearbeid). Inntil to skriftlege øvingsoppgåver (individuelt arbeid), inkludert innlevering av utkast til oppgåvesvar. Ein kan og måtte kommentere på andre studentar sitt utkast til oppgåvesvar. 

Alle arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg til eksamen. 

Eit arbeidskrav er gyldig dei to påfølgande semestra.

Vurderingsform

Fleirvalsprøve (skriftleg skuleeksamen), 1 time.

Karakter: greidd/ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Lovdata pro i eksamensmodus (med dei innarbeidinger som Lovdata har tillate, og med tilgang på alle lovar, forarbeid, forskrifter, rettspraksis frå Høgsterett og lagmannsrettane, og alt av EØS- og EU-rettskjelder, med mindre emneansvarleg har fastsett noko anna), bokmål/nynorsk ordliste. 

Meir om hjelpemiddel