Hopp til innhald

OR6-2001 Prosjektleiing

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Prosjekt og prosjektarbeid er mykje nytta i arbeidslivet og ein stor del av verdiskapinga kjem som følgje av prosjekt. Arbeidsforma blir nytta både på store og mindre omfattande arbeidsoppgåver. Prosjekt blir nytta både til organisatoriske endringar, arrangement og til tekniske utbyggingar og operasjonar. Prosjekt skil seg frå andre arbeidsmåtar og i emnet vil studentane få innføring i det spesielle med prosjekt og få innføring i planlegging og gjennomføring av prosjekt med gjennom opplæring i teori, metodar og verktøy.

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Studenten har

  • kunnskap om organisering, styring og leiing av prosjekt
  • kunnskap om samansetjing og utvikling av team og gruppeprosessar
  • kunnskap om ulike typar prosjekt, prosjektorganisering og arbeidsmåtar i prosjekt
  • innsikt i prosjektarbeidsprosessen frå byrjing til ferdig prosjekt, samt evaluering av prosess og resultat
  • innsikt i teamorganisering og teamarbeid i prosjekt
  • innsikt i utfordringar med leiing av prosjekt, leiarrolla i prosjekt, teamleiing og coaching

 

Ferdigheiter:

Studenten kan

  • utvikle prosjektidear
  • planlegge,  gjennomføre og følgje opp prosjekt
  • rapportere, analyser og evaluere prosjektarbeid
  • kunne leie og bidra i prosjektarbeid
  • gjere greie for kriterium for val av prosjektstyringsverktøy

 

Generell kompetanse:

Studenten har

  • evne til å reflektere over og evaluere eigen erfaring i  prosjektarbeid
  • evne til å forstå prosjekt som ein del av verdiskaping i verksemder og samfunnet
  • erfaring med å bidra i prosjekt- og teamarbeid

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

BØA112 Organisasjon og ledelse (eller tilsvarande innføringsemne i organisasjon og leiing).

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidsforma vil variere mellom førelesingar, gjesteførelesingar, praktisk arbeid, sjølvstudium, og gruppeøvingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Eitt godkjent arbeidskrav, individuell innlevering.

Vurderingsform

Gruppebasert semesteroppgåve som tel 60% og skriftleg 4-timars skuleeksamen som tel 40%

Bokstavkarakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel kan nyttast på gruppeoppgåve.

Ingen hjelpemiddel på skriftleg skuleeksamen.

Meir om hjelpemiddel