Hopp til innhald

SA610 Historie fordjuping: Politisk kultur i mellomalderen

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

«Fortida er eit framand land. Dei gjer ting annleis der». Mange moderne politiske einingar og institusjonar går tilbake til mellomalderen. Det gjeld mange av dei europeiske nasjonalstatene, som til dømes England, Frankrike, Sverige, Danmark og Noreg, samt representative forsamlingar som det engelske Parlamentet og det norsk Stortinget. Så kor annleis var den politiske kulturen i mellomalderen? Fanst det nokre ‘spelereglar’ ein måtte følgje, og korleis kan vi forstå dette ‘spelet’?

Emnet ser på korleis den politiske kulturen i mellomalderen vart praksisert, kva vi kan kjenne igjen i moderne bruk og kva som var annleis. Uttrykket ‘politisk kultur’ kan òg brukast i tydinga ‘politisk kommunikasjon’, noko som såleis omfattar generelle kommunikasjons- og åtferdsreglar. Dette var ikkje annleis i mellomalderen. Samstundes var det ikkje før seint på 1900-talet at historieforskinga byrja å undersøkje og analysere politiske kommunikasjonsformer som til dømes  representasjon og politiske ritual. I samfunn der mesteparten av befolkninga var analfabetar, måtte politiske avgjerder kommuniserast på et anna vis enn i dag: I dei fleste tilfella blei dei visualisert for offentlegheita, t.d. som ritual eller noko tilsvarande som representative bygningar eller klesdrakter. Særleg kom ulike former for kommunikasjon til syne ved hoffet, ikkje berre med kongen sjølv, men alle i krinsen rundt han: biskopar og adelsmenn, rådgjevarar og riddarar.

Emnet følgjer den historiske utviklinga av politiske kommunikasjon, ritual og ideologi frå tidleg mellomalder til seinmellomalderen, med eit særleg fokus på høgmellomalderen. Nokre «case-studiar» vert handsama, som t.d. England og Frankrike, Bysants og Det tyske riket, samt Noreg og Island. Emnet gir innsikt i sentrale spørsmål rundt politisk makt og legitimitet i mellomalderen, som seinare var ein sentral del av statsdanningsprosessar som la grunnlaget for mange politiske einingar i dagens Europa.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten ....

•             har brei realhistorisk kunnskap om den politiske utviklinga i mellomalderen, i norsk og europeisk historie.

•             har kjennskap til ulike faglege perspektiv og teoriar om politisk kultur og kommunikasjon i mellomalderen

•             kan gjere greie for sentrale trekk ved den politiske, militære og administrative utviklinga i samanheng med statsdanningsprosessar i perioden

•             kan forklare korleis politisk makt vart legitimert i perioden

•             kan gjere greie for sentrale trekk ved dei store samfunnsmaktene, som kongemakt og kyrkja, i perioden

 

Ferdigheiter

Studenten ...

•             kan forklare korleis framveksten av skriftkulturar har vore ein viktig føresetnad for statsutviklinga og økt sentralisering av politiske einingar i mellomalderen

•             kan anvende, problematisere og reflektere over sentrale fagomgrep som brot og kontinuitet i historia

•             kan finne fram, vurdere og gjere seg nytte av historiske kjelder og relevant litteratur på ein kritisk og medviten måte

•             kjenner til korleis historikarar nyttar ulike modellar og omgrep for å forstå og forklare kvifor samfunn utvikla seg ulikt

 

Generell kompetanse

Studenten..

•             kan skrive tekstar om historiefaglege tema etter definerte vitskaplege kriterium basert på dei nyaste fagteoriane og problemstillingane

•             kan formidle sentralt historisk fagstoff munnleg i diskusjonar og presentasjonar

•             kan argumentere rasjonelt og logisk, i samsvar med vitskaplege kriterium

•             kan tenkje kritisk, analytisk og heilskapleg

Krav til forkunnskapar

Ingen (sjå tilrådde forkunnskapar)

Tilrådde forkunnskapar

Første året av bachelorstudiet i historie eller årsstudium i historie.

Undervisnings- og læringsformer

Campusstudentar: Sjølvstudium, førelesingar, gruppearbeid, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar, rettleiing, studentstyrte kollokviegrupper.

Nettstudentar: Sjølvstudium, førelesingar og gruppearbeid ved hjelp av nettkonferanseverktøy og diskusjonsforum, digitale læringsressursar som videoopptak/podcast, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar, rettleiing, studentstyrte kollokviegrupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

Fleirvalstest (multiple choice) i heile pensum eller ein nærare definert del av pensum.

Arbeidskrav må blir vurderte til "godkjent" for å kunne gå opp til eksamen. Ved "ikkje godkjent" vil ein få ein ny sjanse.

Vurderingsform

Heimeeksamen, individuell (5 timar).

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel