BØA203 Mikroøkonomi 1
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet inneheld grunnleggande teoriar og modellar innan fagfeltet mikroøkonomi. I konsument- og produsentteorien analyserer ein høvesvis konsumentane og produsentane sin økonomiske tilpassing. I marknadsteorien studerer ein korleis prisar vert danna i ulike marknadsformer med hovudfokus på fullkommen konkurranse og monopol, men og ein introduksjon til monopolistisk konkurranse. Med utgangspunkt i marknadsteorien studerer ein kva konsekvensar marknadsform og offentlig inngripen har for samfunnsøkonomisk effektivitet. Siste tema er marknadssvikt, og korleis offentlige tiltak kan bidra til en meir effektiv ressursbruk.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal kandidaten ha oppnådd slik kunnskap, dugleik og generell kompetanse:
Kunnskap:
Ved fullført emne har kandidaten kunnskap om:
- Grunnleggande omgrep og modellar innan mikroøkonomi
- Korleis modellane kan nyttast til å drøfte enkeltaktører sin økonomiske åtferd og samspelet mellom desse i ulike marknadsformer
- Kriterier for økonomiske effektivitet og situasjonar der ein har marknadssvikt
- Korleis styresmaktene sin politikk kan påverke enkeltaktørers åtferd og dermed prisar, effektivitet og fordeling av samfunnsøkonomisk overskot
Dugleik:
Ved fullført emne kan kandidaten anvende sin faglege kunnskap til å:
- Analysere den økonomiske tilpasninga til konsumentar og produsentar
- Analysere korleis samspelet mellom konsumentar og produsentar fører til ein marknadslikevekt
- Presentere og drøfte marknadslikevekt i ulike konkurransesituasjonar og ved offentlig inngrep
- Analysere situasjonar der marknader ikkje fører til ein samfunnsøkonomisk effektiv ressursbruk, marknadssvikt, og kva styresmaktene kan gjøre for å medverke til ein meir effektiv ressursbruk
Generell kompetanse:
Ved fullført emne har kandidaten:
- Forståing for forholdet mellom enkeltaktørane sine val og dei samfunnsøkonomiske konsekvensane
- Evne til å kunne reflektere over hendingar og økonomisk politikk som vedkjem marknader og marknadsaktørar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
BØA111 Matematikk eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesningar. Oppgåveløysing.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studenten må ha godkjent to arbeidskrav for å kunne gå opp til eksamen.
Vurderingsform
4 timar skriftleg skuleeksamen. Karakterskala A - F, der F svarar til ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle kalkulatormodellar kan nyttast under føresetnad om at følgjande vilkår er oppfylt:
- kalkulatoren skal ha tomt minne
- kalkulatoren skal ikkje kunna ta imot / senda informasjon
- kalkulatoren skal ikkje kunna behandla symbolske matematiske uttrykk
- kalkulatoren kan ikkje koplast til straumnettet
- kalkulatoren må ikkje laga støy
Meir om hjelpemiddel