Hopp til innhald

FRIB201 Friluftslivspedagogikk

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Friluftslivspedagogikk gjev ei vidare innføring i ulike perspektiv på pedagogisk arbeid i friluftslivkontekstar. Emnet søker å bidra til bevisstgjering rundt ulike måtar å skape vilkår for læring og opplevingar i natur. Stad, erfaringer, vegleiing og helse, miljø og sikkerheit er sentrale tema i emnet. Emnet legg opp til at studentane skal lære å reflektere kritisk om pedagogiske perspektiv igjennom gruppediskusjonar, praktisk aktivitet og tekstarbeid.

Ekskursjonar:

  • Friluftsliv i skogen: fem dagar

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om nærmiljøets relasjonelle betyding for leik, erfaringar og opplevingar i friluftsliv
  • har kunnskap om pedagogisk teori og didaktikk relatert til friluftsliv
  • har inngåande kunnskap om gjeldande norm for førebygging av ulykker og sikker gjennomføring av aktivitet i natur

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere pedagogiske aktivitetar i natur for ulike grupper
  • kan planlegge og gjennomføre aktivitetar i natur på en trygg og ansvarleg måte
  • kan analysere og nytte pedagogisk teori og didaktiske modellar relatert til friluftsliv
  • kan kartlegge og analysere nærmiljøets moglegheiter for leik og læring

Generell kompetanse

Studenten

  • kan arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre om å utvikle, gjennomføre og evaluere pedagogiske aktivitetar i natur
  • kan reflektere kritisk over eiga og andre sin didaktikk og pedagogiske perspektiv i natur
  • kan drøfte etiske og verdimessige problemstillingar knytt til pedagogisk arbeid i natur

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar er å vere i god nok fysisk form til å kunne bere eige og felles utstyr på ekskursjonar med overnattingar på barmark og på snø.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad knytt til førelesingar, ekskursjonar, pedagogisk aktivitet, gruppe- og individuelt arbeid med fokus på studentaktive læringsformer.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Aktiv deltaking på ekskursjonar (planlegging, gjennomføring og evaluering)
  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av pedagogisk aktivitet

Gjennom desse læringsaktivitetane skal studenten vise kunnskap og ferdigheit knytt til planlegging, gjennomføring og evaluering av pedagogisk aktivitet i natur.

  • To tekstar

Gjennom tekstene skal studenten vise tilfredsstillande læringsutbytte om evne til kritisk refleksjon om eiga og andre sin didaktiske og pedagogiske perspektiv i natur.

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.

Vurderingsform

Individuell heimeeksamen, 2 dagar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel