Hopp til innhald

HI102 Historie 1500-1800. Innføring i norsk og internasjonal historie

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet gir eit oversyn over sentrale utviklingstrekk i tidleg nytid, då gamle tankar og institusjonar vart utfordra og den moderne staten, kapitalismen og vitskapen var i emning. Hovudvekta ligg på europeisk historie, med Noreg hyppig nytta som døme. Globale perspektiv og samanlikningar vert trekte inn der det er høveleg. Dei sentrale tema i emnet er krig og fred, politikk og statsutvikling, religion og kultur, vitskap og opplysing, og økonomi, samfunn og miljøhistorie.

Læringsutbytte

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten har gode kunnskapar om…

  • framveksten av skattestaten og eineveldet
  • reformasjonen og motreformasjonen
  • den vitskaplege revolusjonen og opplysingstida
  • standssamfunn, folkekultur, og kjønnsrelasjonar
  • den industriøse revolusjonen og den tidlege industrielle revolusjonen
  • militærvesenets utvikling i perioden
  • utviklinga innan folkerett, diplomati og politisk tenking
  • oversjøisk ekspansjon og global handel
  • tilhøvet mellom menneske og naturmiljø i perioden
  • sentrale hendingar som Trettiårskrigen og den franske revolusjonen
  • korleis naturressursar og teknologisk utvikling har vore med på å forme samfunn

Ferdigheiter

Kandidaten …

  • kan finne fram, vurdere og gjere seg nytte av historiske kjelder og relevant litteratur på ein kritisk og medviten måte
  • kan anvende, problematisere og reflektere over sentrale fagomgrep som brot og kontinuitet i historie
  • kjenner til korleis historikarar nyttar ulike modellar og omgrep for å forstå og forklare kvifor samfunn utvikla seg ulikt

Generell kompetanse

Studenten…

  • kan skrive tekstar om historiefaglege tema etter definerte vitskaplege kriterium basert på dei nyaste fagteoriane og problemstillingane
  • kan formidle sentralt historisk fagstoff i diskusjonar og presentasjonar
  • kan argumentere rasjonelt og logisk, i samsvar med vitskaplege kriterium
  • tenkje kritisk, langsiktig og heilskapleg

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Campusstudentar: Sjølvstudium, førelesingar, gruppearbeid, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar, rettleiing, studentstyrte kollokviegrupper.

Nettstudentar: Sjølvstudium, førelesingar og gruppearbeid ved hjelp av nettkonferanseverktøy og diskusjonsforum, digitale læringsressursar som videoopptak/podcast, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar, rettleiing, studentstyrte kollokviegrupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studenten skal skrive ei oppgåve med tilbod om rettleiing.

Arbeidskrav må blir vurderte til "godkjent" for å kunne gå opp til eksamen. Ved "ikkje godkjent" vil ein få ein ny sjanse.

Vurderingsform

Heimeeksamen, individuell (3 dager).

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel