Hopp til innhald

MGBMA402 Matematikk 2, emne 2 - Problemløysing og handlingskompetanse i matematikk

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet MGBMA402 (GLU 1-7) vert samkøyrd med emnet MGUMAT402 (GLU 5-10).

I Matematikk 2 fordjupar studentane seg i nokre av dei matematikkdidaktiske og matematikkfaglege temaa frå Matematikk 1. Fokus er her meir konsentrert og forskingsretta enn i Matematikk 1.

Matematikk 2 (GLU 1-7) er delt opp i følgjande emne:

  • Emne 1: Perspektiv på matematikkfaget
  • Emne 2: Problemløysing og handlingskompetanse i matematikk

Denne planen omtalar emne 2.

Til saman dekkjer emne 1 og 2 læringsutbyttet for Matematikk 2 skildra i dei Nasjonale retningslinjene for Grunnskulelærarutdanninga 1-7.

Emnet skal gi studenten vidare bakgrunn for å inkludere problemløysing og handlingskompetanse i matematikk i eiga undervisning, og eit utvida analysegrunnlag for å løyse utfordringar knytt til arbeidsorganisering, systematikk og struktur i samband med dette i undervisning og læring.

Elevar nyttar matematikk i og utanfor skulen, og lærer for å utvikle evna til å bruke matematikk i framtida. Slik handlingskompetanse inneber at ein kan avgjere at ein har eit problem/ein situasjon som krev matematikk, korleis ein skal handtere eit problem og kva matematikk ein skal nytte for å handtere problemet/situasjonen. Dette vert gjort gjennom fordjuping i arbeid med problemløysing i matematikk, mellom anna ved bruk av heuristiske tilnærmingsmåtar. I denne samanheng vert det lagt vekt på:

  • Matematikkdidaktisk teori og praksis knytt til problemløysing som ressurs og metode
  • Heuristiske tilnærmingsmåtar
  • Kreativitet, analyse, refleksjon
  • Ulike typar bevisføring
  • Arbeid med diverse matematiske problem, refleksjon rundt og løysing av desse
  • Problemløysing både i praktisk samanheng, og som ein sentral del av matematikkfaget
  • Eleven si utvikling av handlingskompetanse i matematikk

I dette emnet skal studenten også fordjupe seg i eit sjølvvalt tema innanfor matematikkdidaktikk, med utgangspunkt i korleis matematikk vert utvikla, kommunisert og nytta. Dette forskings- og utviklingsprosjektet (FoU-oppgåve/semesteroppgåve) kan byggje på tema som har vore prioritert tidlegare i studiet. Prosjektet kan difor til dømes vere basert på å hente inn empiriske data, utprøving eller dokument-/planstudium. For studentar som tek emnet som Fag 1, skal FoU-oppgåva vere eit prosjekt som knyter matematikkfaget saman med PEL-faget. Studentar som tek emnet som Fag 2, skal skrive ei semesteroppgåve.

Emnet har fokus på studenten som ein som kan initere og leie utviklingsarbeid knytt til matematikkundervisning. Forskingsparadigmer og forskingsmetodar vert arbeidd med. I dette arbeidet vil relevant forsking, forskingsmetodar og teoriar for læring og undervisning vere sentralt.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten har

  • kunnskap om ulike matematiske bevistypar og argumentasjonsformer som vert nytta til å generalisere matematiske samanhengar innanfor tallære og geometri
  • inngåande kunnskap om heuristiske tilnærmingsmåtar
  • kunnskap om kvantitative og kvalitative metodar som er relevante i matematikkdidaktisk forsking
  • spesialkunnskap innan eit matematikkdidaktisk emne relevant for matematikktrinn 1-7, og kan formidle dette

Ferdigheiter

Studenten kan

  • arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing
  • bruke matematiske bevis og argumentasjonsformer og heuristiske tilnærmingsmåtar i eige arbeid og i matematikkundervisning
  • analysere eigne og andre sine arbeidsmåtar i arbeid med matematikkoppgåver
  • vurdere kritisk og tilpasse arbeidsmåtar som oppmodar elevane til undring, kreativitet og evne til utforskande aktivitetar
  • initiere og leie lokalt utviklingsarbeid knytt til matematikkundervisning
  • bruka metodar innanfor matematikkdidaktisk forsking til å gjennomføra enkle matematikkdidaktiske undersøkingar
  • bidra i analyse, refleksjon over og grunngiving av korleis læraren kan påverke læringsmiljøet og motivasjonen for matematikk gjennom val av undervisnings- og arbeidsformer
  • skrive i ei akademisk form, analysere relevant forsking og analysere og formidla eit samansett fagstoff på eit overtydande vis

Generell kompetanse

Studenten kan

  • kommunisere om matematikkdidaktiske og matematikkfaglege problemstillingar, analysar og konklusjonar knytt til problemløysing og modellering
  • nytte element frå matematisk problemløysing i samband med tilrettelegging for eleven si utvikling av handlingskompetanse i matematikk

initiere og leie FoU-prosjekter og andre samarbeidsprosjekt med tanke på å forbetre matematikkfaget sin praksis

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Matematikk 2 byggjer på Matematikk 1.

Undervisnings- og læringsformer

Detaljar i samband med organisering av undervising knytt til emnet vil kome fram i semesterplanen som vert delt ut ved emnets start. Gjennom studiet skal studentane få erfaring med arbeidsformer som er relevante i grunnskulen og som skal gi grunnlag for diskusjonar om arbeidsformer i skulen.

Det vert nytta førelesingar, diskusjonar, presentasjonar, gruppearbeid, og individuelt arbeid. Emnet stiller og krav om sjølvstendig arbeid med pensum, mellom anna med eit individuelt mappearbeid som utgjer sluttvurderinga. Undervisning knytt til fou-oppgåva vil vere i form av rettleiing og seminar. Gjennom rettleiing vil studenten få hjelp til å utvikle, drive og reflektere over sitt eige utviklingsarbeid. Seminara vil vere ein stad kor litteratur og praksis vert vevd saman, og kunnskap, erfaring og ferdigheiter vert synleg og utvikla gjennom førelesningar, presentasjonar og diskusjonar. Samarbeid med andre fagområder i utdanninga kan vere aktuelt.

Studenten får oppnemnd ein rettleiar ved starten av semesteret.

Obligatorisk læringsaktivitet

Nokre av undervisingsøktene vil vere obligatoriske. Kva økter dette er snakk om vil kome fram i semesterplanen som vert utdelt ved semesterstart.

Tre læringsaktivitetar knytt til problemløysing som først vurderast til godkjent eller ikkje godkjent med utgangspunkt i minimumskrav. Det vert høve til arbeida vidare med to av desse før dei vert levert inn i eksamensmappe.

Nærare skildring av omfang, innhald og krav til framdrift i arbeid med læringsaktivitetane gis ved semesterstart.

Studentar skal skrive ei FoU-oppgåve i samarbeid med pedagogikk og elevkunnskap. Obligatoriske læringsaktivitet knytt til FoU-oppgåva:

  • Deltaking på undervising knytt til metode og eit oppgåveseminar
  • Presentasjon for medstudentar og rettleiarar av eige prosjekt både i ein tidleg fase av arbeidet og i sluttfasen av arbeidet.

Vurderingsform

  • Del 1: FoU-oppgåve. Innlevering av ei sjølvstendig forskings- og utviklingsoppgåve som vert arbeidd med gjennom heile semesteret. Oppgåva skal skrivast i samarbeid med pedagogikk og elevkunnskap. Vekting 50% av endeleg karakter.
  • Del 2: Mappevurdering. Studenten leverer ei mappe som består av to av tre læringsaktivitetar knytt til problemløysing som er arbeidd med gjennom semesteret. Det vert gjort ei ny samla vurdering av innlevert produkt. Kriteria for vurdering vert delt ut saman med den første læringsaktiviteten. Vekting 50% av endeleg karakter.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Begge delar må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått bli tatt som ny eksamen.

Det er mogeleg å levere forbetra versjon (FoU-oppgåve) i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny FoU-oppgåve.

Ved ikkje bestått mappevurdering kan det leverast forbetra versjon av mappa til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel