Hopp til innhald

MGBNOS201 Norsk 1, emne 2 - Mellomsteget

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet utgjer dei andre 15 sp. av obligatorisk Norsk 1 på til saman 30 sp. Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisstad for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.

Norsk på mellomsteget gir eit grunnlag for norskundervisning på trinn 5-7. Sentralt står språklege og litterære emne, fagdidaktiske spørsmål og arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, særleg munnleg kommunikasjon og den andre lese- og skriveopplæringa for elevar med norsk som første- og andrespråk. Emnet legg også vekt på at studentane skal utvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om språket som system og språket i bruk
  • har brei kunnskap om lese- og skriveopplæring på mellomtrinnet
  • har kunnskap om språkleg identitet, norsk som andrespråk og fleirspråkleg praksis, og kjennskap til nokre av minoritetsspråka i Noreg
  • har kunnskap om tekstar for barn og unge med vekt på kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, på nynorsk, bokmål og i omsetjing, i ulike sjangrar og medium
  • har kunnskap om gjeldande læreplan, læringsressursar, nasjonale prøver og kartleggingsprøver for trinn 5-7

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid
  • kan gjere greie for fagdidaktiske val som fremjar dei grunnleggjande ferdigheitene for alle elevar på mellomtrinnet
  • kan bruke varierte arbeidsmåtar i den vidare lese- og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa, blant anna for elevar med lese- og skrivevanskar og norsk som andrespråk
  • kan lese, tolke og analysere ulike tekstar for barn og bruke kunnskap om dette i arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar i ulike medium
  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere munnleg aktivitet i klasserommet
  • kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar
  • kan vurdere ulike norskfaglege læringsressursar
  • meistrar begge målformer skriftleg og kan undervise elevar i desse.
  • kan lese tekstar på nabospråka svensk og dansk

Generell kompetanse

Studenten

  • kan legge til rette for at elevane blir tekstkyndige og kritiske språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
  • er merksam på mangfaldet i elevgruppa og kan tilpasse undervisinga og gjere greie for fagdidaktiske val
  • kan vurdere eigen praksis ut frå gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MGBNO101/MGBNOS101 Norsk 1, emne 1 - Begynnaropplæringa

Undervisnings- og læringsformer

Studentane skal vere både mottakarar, aktive deltakarar, samtalepartnarar, rettleiarar for medstudentar og observatørar i klasserommet. Det er derfor lagt opp til varierte arbeidsformer som bidreg til å realisere ei lærande, aktiv og nærverande studentrolle. Arbeidsformene kan vere forelesingar, rettleiingar, studentframlegg, diskusjonar i klasserommet eller på ei digital læringsplattform, utveksling av røynsler og arbeid i større og mindre grupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane har tre obligatoriske læringsaktivitetar i emnet. I desse må studentane syne skriftleg kompetanse i begge målformene, og munnleg kompetanse. Minst ein av læringsaktivitetane skal handle om den andre lese-og skriveopplæringa, og eitt skal vere knytt til forskingsmetode, primært tekstanalyse. Ein av dei obligatoriske læringsaktivitetane i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen. Oppgåvetekst og formelle krav til dei einskilde læringsaktivitetane vert delt ut ved oppstart av semesteret.

Det er obligatorisk oppmøte på samlingar, i seminar, ulike øvingar og arbeid i grupper. Fraværsgrense er 20%. Oversikt over de obligatoriske læringsaktivitetene blir gitt ved semesterstart. Frammøte til desse læringsaktivitetane er å rekne som godkjent, og fråvær blir å rekne som ikkje godkjent.

Innreisande studentar kan bruke svensk eller dansk, tale og skrift.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være godkjent til fastsette fristar for å få gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Mappevurdering. Skrivemappe med to individuelle tekstar, ein på bokmål og ein på nynorsk.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Ved ikkje bestått kan det leverast forbetra versjon av mappa til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate

Meir om hjelpemiddel