MSB103 Forbrukaradferd
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet er utforma for å setje studentane i stand til å forstå kvifor folk kjøper det dei kjøper, og kva som påverkar forbruket deira. Forbruk er ein så stor del av samfunnet at vi ofte er ubevisste på kor stor innverknad det har på livet vårt. I dette emnet ser vi på forbrukaråtferd gjennom ein sosialpsykologisk tilnærmingsmåte, med døme frå marknadsføring og forbrukarforsking, og vi utforskar dei potensielt komplementære erfaringane til enkeltforbrukaren, forbrukskultur og marknadsføring.
Emnet dekkjer følgjande tema:
- Menneske som forbrukarar: Framveksten og utviklinga av forbrukarsamfunnet og -kulturen
- Konsumenten si avgjerdstaking: Val og forbruk av produkt
- Samtidsmodellar for forbrukaråtferd
- Oppfatningar, læring, og kognisjon
- Motivasjon, personlegdom, livsstilar og verdiar
- Sjølvet, sjølvbilete og det utvida sjølvet
- Haldningar og overtydande kommunikasjon
- Kva inntekt og sosial klasse har å seie
- Påverknad fra familie, grupper, sosialt miljo og sosiale medium
- Etisk og Grønn forbrukerisme
- Kva innverknad kulturen har på forbrukaråtferd og subkulturelt forbruk
Læringsutbytte
Kunnskap
Etter avslutta emne vil studenten
- ha avansert kunnskap om marknadsføring og spesialisert innsikt i forbruk i samfunnet, prosessane med spreiing av nyskapingar og relatert forbrukaråtferd
- kunne ta i bruk forbrukarteori på nye område innanfor marknadsføring og økonomi
- ha djupnekunnskap om kva faktorar som påverkar forbrukaråtferd i ulike tilfelle, kontekstar og samanhengar.
- kunne analysere problem i marknadsføringsinnovasjon på grunnlag av historie, tradisjonar, særpreg og lokalisering i samfunnet til forbrukaren.
Ferdigheiter
Etter avslutta emne vil studenten
- kunne analysere og sjå kritisk på ulike kjelder om forbrukardata og bruke dei til å strukturere og formulere vitskapleg argumentasjon
- kunne analysere eksisterande teoriar, metodar og tolkingar på feltet, og arbeide sjølvstendig med praktiske og teoretiske problem
- ha ei solid forståing av kor viktig forbrukaråtferd er for verksemder, dei som arbeider med marknadsføring, og dei som driv med innovasjon i marknaden
- kunne bruke relevante forskingsmetodar og forsking på ein sjølvstendig måte
- kunne gjennomføre eit sjølvstendig og avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i samsvar med dei normene for forskingsetikk som gjeld for forbrukaråtferd.
Generell kompetanse
Etter avslutta emne kan studenten
- ta i bruk dagens tenking om forbrukaråtferd
- gi råd og rettleiing om kva konsekvensar ulike marknadstaktikkar vil ha i ein bestemt forbrukskontekst
- analysere relevante akademiske, profesjonelle og forskingsetiske problem
- formidle omfattande sjølvstendig arbeid og meistre språket og terminologien på forbrukarforskingsfeltet
- kommunisere om akademiske utfordringar, analysar og konklusjonar på feltet, både med spesialistar og eit allment publikum
- bidra til ny tenking og innovasjonsprosessar innanfor kritisk forbrukarteori og forbrukaråtferd
Krav til forkunnskapar
Opptak på Master of Science in Business
Tilrådde forkunnskapar
Studentane må ha grunnleggjande kunnskap om marknadsføring, som dei har oppnådd gjennom å bestå eit introduksjonsemne i marknadsføring på bachelorprogrammet.
Undervisnings- og læringsformer
Læringsformene på emnet er ein kombinasjon av forelesingar, problemløysing, diskusjonar om artiklar/døme og øvingar i seminar. Det er forventa at studentane deltek i individuelle presentasjonar og gruppepresentasjonar av litteraturen i emnet, diskusjonar om døme/artiklar og seminar.
Det skal skrivast ei semesteroppgåve i grupper på maksimalt tre personar, og denne oppgåva vil utgjere 60 prosent av karakteren. Eit forslag til idear for oppgåva skal sendast inn i starten av emnet og drøftast med den emneansvarlege før ein set i gang. Det er eit mål at gruppeoppgåva skal kunne sendast til ein konferanse eller eit tidsskrift når ho er ferdig. I oppgåva kan studentane sjå nærare på éin eller fleire teoriar, korleis teoriane er utvikla, litteraturen og bruken som har vakse fram basert på dei, og kva status dei har i samtida, men studentane kan også utvikle andre idear. Det vil bli halde jamlege seminar for å diskutere framdrifta med oppgåvene. Det er sterkt tilrådd å leggje fram forslag til oppgåve og diskutere skriveprosessen i seminara, slik at ein kan dele idear og perspektiv med dei andre.
Ein individuell slutteksamen vil bli halden når emnet er ferdig, og denne vil utgjere dei siste 40 prosentane av karakteren. Kurset blir gjennomført på engelsk, og alle kurs arbeid og eksamenar skal leverast på engelsk.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studentane vil vere obligatorisk å sende inn to kritiske gjennomgangar av vitenskaplig artiklar frå ulike emneområde. Gjennomgangen skal gjerast i grupper på maksimalt av tre, vil ha godkjent/ ikkje godkjed som vurdering og vil utgjere arbeidskravet «godkjend», som er eit krav for å kunne ta slutteksamenen. Studentene vil diskutere innleveringene i seminarer.
Vurderingsform
Evaluering i to delar:
- Individuell skriftleg eksamen, 5 timar (40 % av sluttvurderinga).
- Ei semesteroppgåve (60 % av sluttvurderinga). Semesteroppgåva skal skrivast i ei gruppe på maksimalt tre personar.
Karakterskalaen er A-F, der F er stryk.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle skriftlege og trykte hjelpemiddel er tillatne ved den skriftlege heimeeksamenen dersom eksamensforma er heimeeksamen.
Dersom eksamensforma er skuleeksamen, er det ikkje tillate med hjelpemiddel. Godkjent nettbasert ordbok kan brukast.
Alle skriftlege og trykte hjelpemiddel er tillatne for semesteroppgåve.
Meir om hjelpemiddel